Eg ser i Fædrelandsvennen 2. januar at gamleordføraren vår vil ha Iveland inn i ein storkommune med heile Knutepunkt Sør. Ole Magne Omdal var ordførar i vesle Iveland i 16 år fram til 2013. Kommunen vaks i den perioden han var ordførar, både i folketal, aktivitetar og i merksemd utanfrå.

Begeistring for å utvikle seg

Kommunen klarte dette, ikkje minst takka vere Ole Magne, sjølv om eg trur mange rista på hovudet av ideane hans der og då.

«Plasser, steder, bygder og grender trenger først og fremst begeistring for å utvikle seg. Det er mye viktigere for utkantene enn hvor grensa går. … Når begeistringen kommer er det plutselig noen som starter ysteri, bilverksted eller møbelproduksjon. Alt dette skjedde i Iveland. Det hadde jo ikke noe med kommunegrensen å gjøre, sier Omdal.» Jau, det hadde veldig mykje med kommunen å gjera. Begeistringa budde i ein som var ordførar i denne vesle kommunen, det fanst eit kommunestyre, eit kommunebudsjett, det var råd å søkja statlege tilskot.

Vilje og makt

Hadde ein Knutepunkt-kommune kome før Omdals 16 år som ordførar, ville desse positive tinga han nemner ikkje ha hendt. Og til desse kan me også rekna Åkle-prosjektet i kommunesenteret. Begeistring er bra, men det trengst politisk vilje og makt for å få det gjennom.

Folk i lokalsamfunna med begeistring og engasjement får med ein storkommune lenger veg opp til dei som bestemmer, og dei som bestemmer kjenner dårlegare til desse lokalsamfunna. Dette vil svekka det engasjementet og den begeistringa Ole Magne talar så varmt om.

Demokratireform

Kommunereforma er vel så mykje ei demokratireform som ei administrativ reform. Ho vil virka svært negativt på lokaldemokratiet, med langt færre folkevalde frå bygdene, og lenger avstand opp til dei folkevalde og byråkratiet. Ho vil overføra både offentlege arbeidsplassar og offentleg makt frå periferi til sentrum. «Det vil bli stor makt på få hender, og det kan være et sterkt argument mot sammenslåing» seier Torhild Brandsdal i same nummer av avisa.

Med færre kommunar vert det færre som talar bygdene si sak, færre ordførarar som brenn for sin kommune. Ordførarane i bygde-Noreg er ein sterk maktfaktor, og det å svekka denne makta er eitt av måla for dei som ivrar for å få kommunetalet ned mot 100. Alle kan skjøna at bygdene stiller sterkare med ordførarar som Gro Anita Mykjåland, Torhild Brandsdal, Arild Windsland og Johnny Greibesland, enn om me berre sit att med Arvid Grundekjøn.