I det siste har fleire politiske røystar teke til orde for ei innstramming av abortlova. Det ønskjer eg velkommen. KrF har lenge vore det einaste partiet til å kjempe for fosteret sin rett til liv og rettsvern. No er også Høgre på gli. Ein samla programkomité har gått inn for å "endre abortloven slik at egenskaper ved fosteret ikke er et selvstendig abortkriterium etter grensen for selvbestemt abort."

Åse Bjorvatn

Forslaget står i sterk kontrast til den raudgrøne regjeringa sin politikk. I Stortinget 12. februar gav helseminister Jonas Gahr Støre fleire konkrete eksempel på eigenskapar regjeringa meiner er tilstrekkeleg grunn for seinabort. Han løfta bl.a. fram Downs syndrom, noko som er uheldig. For Downs syndrom er ikkje ein sjukdom, men ei funksjonshemming hos menneske med eit ekstra kromosom. Vidare, når det gjeld faktiske sjukdommar, er helsevesenet til for fjerne sjukdom, ikkje menneska med diagnosen. Ifølgje førebels referat frå stortingsdebatten sa helseministeren vidare; «Jeg ønsker ikke å legge stein til byrden for disse kvinnene ved å tvinge dem til å måtte overbevise abortnemndene om at de er i en vanskelig livssituasjon, eller at det vil være en urimelig belastning for deres helse å føde barnet.» Jonas Gahr Støre skal ha ros for den omsorga han uttrykkjer for gravide i ein vanskeleg situasjon. Likevel, ved spørsmål om abort er det ikkje eitt, men to menneske å ta omsyn til. Eg har vanskar med å la kvinnas rett til å råde over eigen kropp vege tyngre enn verdien av eit menneskeliv.

Argumentet fell, sjølvsagt, viss fosteret ikkje kan klassifiserast som menneske. Me beveger oss i så fall over i filosofien. For kva er eit menneske? Som i alle eksistensielle spørsmål er det vanskeleg å gje eit fullgodt svar. (Kom med ein kort og presis definisjon, og eg garanterer deg ein nobelpris!) Mange tilhengarar av fri abort omtalar foster som «ein celleklump» med «potensial til å bli eit menneske». Det er problematisk. For når skjer den skjebnesvangre forvandlinga når «potensialet» får del i dei universelle menneskerettane?

Lova for svangerskapsavbrot maktar ikkje å definere liv eller menneske. I staden operer ho med fleire tilfeldige grenser. Fosteret lever, utan rett til liv, men med trinnvis høgare moralsk status og dermed rettsvern. I første tredjedel av svangerskapet kan alle gravide fritt velje abort. Er ein tidleg nok ute, kan det meste fiksast med ei angrepille frå nærbutikken. Den første magiske grensa er veke 12. No er alle organa danna, og – vips! – får fosteret styrka rettsvernet sitt. Det er framleis mogleg å utføre abort, men berre viss «det er stor fare for at barnet kan få alvorlig sykdom» (Abortlova paragraf 2c). Etter veke 18 har kvinna framleis rett til abort, men då krevst særleg tungtvegande grunner.

Den einaste naturlege løysinga er å godta befruktinga som starten på livet. Innan embryologi (læra om utviklinga til organismar) er det eit opplagt, reint naturvitskapleg faktum. For idet eggcella og sædcella smeltar saman, skapast eit nytt individ. Den genetiske koden er no på plass og styrer resten av utviklinga. Under normale vilkår vil embryoet så vekse til å bli eit barn, tenåring, vaksen og gamalt menneske. Utviklinga er kontinuerleg og ikkje, slik «Lova om svangerskapsavbrot» gir inntrykk av, ein trinnvis prosess. Å skulle setje ei anna grense for liv eller menneskelegheit blir tilfeldig, kunstig og med skremmande følgjer.

Viss fostre er menneske, blir abort prinsipielt galt. Likevel trur eg ikkje Noreg er tent med å forby abort. For samtidig som me peikar på idealet, må me vere løysingsorienterte i møte med den norske verkelegheita. Eg foreslår difor ei innstramming av abortlova. Kva med å erstatte sjølvbestemt abort med eit regelverk som er likt frå byrjinga av svangerskapet og fram til veke 18? Abort blir inga lovfesta rett, men tillate i nokre situasjonar. Kriteria kan vere om lag dei same som i dag, for eksempel ved valdtekt eller viss den gravide er alvorleg psykisk sjuk. At livet er vanskeleg eller barnet kanskje er sjukt, bør likevel ikkje vere grunn nok. Vidare ønskjer eg slutt på dei mykje kritiserte nemndene. Fram til veke 18 bør kvinna sjølv ha ansvaret for å avgjere om situasjonen hennar oppfyller kriteria for abort. Den gravide vil framleis ha rett på både rettleiing og råd, men ha større ansvar enn i dag. Etter veke 18 bør abort vere forbode, med mindre liv står mot liv.

Forslaga fjernar ikkje alle etiske dilemma. Kvar gravide kvinne må framleis ta eit val om abort eller ikkje. Det er eit val menneske ikkje har godt av å få. Vidare kan eg ikkje seie sikkert at ei ny lov vil få ned aborttala. Her kjem førebygging inn som eit viktig stikkord. I tillegg til å sikre eit solid lovverk, må politikarane følgje opp med praktiske tiltak. Målet er jo å sikre foster eit faktisk vern, ikkje eit juridisk vern som berre finst på papiret. I 2011 valde 15.343 gravide å avbryte svangerskapet (Folkehelseinstituttet). Kvifor? Det er her fokuset må vere. Me må identifisere årsakene for så å møte behova.

Ønsket om svangerskapsavbrot har ofte opphav i ein mangel. Det kan vere mangel på tid og overskot, trygge rammer i form av ein ektefelle eller partnar, materielle forhold, økonomi eller nettverk. Her har me alle eit ansvar som medmenneske. Nokre tiltak kan og bør politikarar likevel gjere. Til dømes må adopsjon bli løfta fram som eit reelt og akseptert alternativ. Dessutan må familiar med ekstra utfordringar få betre støtte og tilbod om avlasting og fosterheimar. Noko er grunnleggjande galt når det er lettare å få innvilga abort enn søknad om støttekontakt. Vidare må me sikre god seksualundervisning i skulen og ei meir tilgjengeleg skulehelseteneste. I tillegg er det viktig å betre den økonomiske støtta til nybakte mødrer. Eingongsstønaden ved fødsel er 35 263 kroner. Til samanlikning kan kvinna få utbetalt over 400 000 kroner om ho har vore i arbeid før svangerskapet.

Det er valår, og eg håpar Stortinget blir fylt opp av politikarar som tar menneskeverdet på alvor. Noreg har bruk for ei ny abortlov som sikrar retten til liv. Uavhengig av fysiske, sosiale, psykiske, praktiske eller intellektuelle eigenskapar, rase, legning, tru, meiningar eller alder – som menneske har me del i dei same universelle menneskerettane. For i kraft av vår eksistens, er du og eg uendeleg mykje verd. Me har rett til å leve.