valg007.jpg

I så fall bør du ta ein ny titt på fakturaen frå kraftleverandøren din. Dersom du ikkje har betalt for opphavsgaranti for rein kraft, så er berre fjerdeparten av den straumen som du brukar, fornybar vasskraft. Resten er kolkraft eller atomkraft — på papiret. Men i våre dagar er det jo dei finansielle papira som gjeld, ikkje dei fysiske realitetane. Og dei finansielle produkta er det som kjent ikkje alltid så lett å sjå konsekvensane av.

Vasskrafta blir skitten

valg007.jpg

Årsaka til at den reine, norske vasskrafta blir skitten, er ein finansiell konstruksjon utan kopling til den reelle utvekslinga av elektrisk kraft. Energiselskap som baserer produksjonen på fornybare kjelder som sol, vind og vatn, kan etter visse reglar selje garantiar for at den krafta du brukar, er fornybar. Men det paradoksale er at det ikkje følgjer fornybar kraft med desse opphavsgarantiane. Det er inga kopling mellom sal av garantiar og sal av fornybar energi.

Årsaka til at den reine, norske vasskrafta blir skitten, er ein finansiell konstruksjon utan kopling til den reelle utvekslinga av elektrisk kraft.

Agder Energi kan for eksempel selje opphavsgarantiar til heilt andre forbrukarar enn dei som dei sel den fornybare energien til. Det inneber i praksis at norske kraftselskap kan selje opphavsgarantiar til utlandet for langt større energimengder enn det vi reelt sett eksporterer. I 2015 selde norske energiselskap opphavsgarantiar til EU for om lag 85 % av norsk vasskraftproduksjon, medan krafteksporten berre var om lag 15 % av vår produksjon.

Frykt for overproduksjon

Ordninga med opphavsgaranti blei innført av EU i 2001. Formålet var å skaffe ekstra inntekter til produsentar av fornybar energi. Det kan vere eit fornuftig system i EU der det aller meste av den fornybare energien kjem frå sol og vind. Det er umodne teknologiar som har eit stort behov for økonomisk støtte i oppbyggingsfasen. Men det same gjeld ikkje norsk vasskraft som i utgangspunktet er svært lønsam. Og vi har ikkje noko system som sikrar at sal av opphavsgaranti for vasskrafta vår vil føre til produksjon av meir fornybar energi. Tvert i mot har dagens regjering sagt at vi skal legge mindre vekt på å auke produksjonen av fornybar energi her i landet av frykt for overproduksjon.

Vi har ikkje noko system som sikrar at sal av opphavsgaranti for vasskrafta vår vil føre til produksjon av meir fornybar energi.

Derimot kan ordninga med opphavsgaranti for vasskraft få nokre utilsikta og svært uheldige konsekvensar. Vi kan for eksempel komme i den situasjonen at datasenter på kontinentet på papiret kan bli grønare enn norske datasenter, sjølv om dei i realiteten brukar kolkraft og vi brukar vasskraft. Det er opphavsgarantiane, ikkje realitetane, som tel når kundane skal legge fram bevis for at dei brukar fornybar energi. Politikarane frå dei fleste parti snakkar varmt om grøne datasentre, men samtidig vedtar dei finansielle produkt som kan rive noko av grunnlaget vekk under slike satsingar her i landet.

Eit anna eksempel er norsk metallproduksjon. Elkem Solar og Norsk Hydro kan i dag skilte med å ha noko av den reinaste metallproduksjonen i verda. Dei eksporterer på mange måtar rein norsk vasskraft i fast form. Men når dei skal dokumentere produksjonen for kundane sine, så må dei basere kalkylane sine på at tre fjerdepartar av den reine, norske vasskraft på papiret kjem frå kol— og atomkraft.

Er dette eit fornuftig system?

Ein kan jo argumentere for at alle som ønskjer det, kan kjøpe opphavsgarantiar og unngå å bli belasta med kol og vasskraft i sine miljøkalkyler. Men er dette eit fornuftig system når det ikkje sikrar at dei ekstra midlane går til å produsere meir fornybar energi som kan erstatte fossil energiproduksjon? Derimot kan ordninga gjere livet vanskelegare for norsk prosessindustri som ønskjer å bli verdsleiande på nullutslepp og dermed gjere ein stor forskjell for dei globale klimautsleppa.

Når dei skal dokumentere produksjonen for kundane sine, så må dei basere kalkylane sine på at tre fjerdepartar av den reine, norske vasskraft på papiret kjem frå kol- og atomkraft.

Kraftutveksling med andre land kan under visse føresetnader vere med på å redusere bruken av fossil energi og ha positiv effekt for klimaet. Men eg har svært vanskeleg for å sjå at ordninga med opphavsgaranti for norsk vasskraft lausrive i frå energiomsetninga har nokon positiv klimaaffekt. Det er shopping av godt klimaprofil utan substans. Ordninga kan derimot få negative konsekvensar for norsk industri. Det er underleg at dette spørsmålet har skapt så lite debatt på Sørlandet der ein er så avhengig av prosessindustrien og stadig snakkar om å satse på grøne datasenter. Kan nokon på Agderbenken som gjekk inn for denne ordninga på Stortinget i vår, opplyse meg?