Vennesla senterparti foreslår liknande ordningar for å stimulere til meir bruk av tre i bygningar, dvs. massivtre i vegger og berekonstruksjonar. Det er bunde 700 kg CO2 i ein m3 trelast. Vi bruker årleg omlag tre millioner kubikkmeter trelast til bygningsformål her landet. Dermed lagrar vi 2,1 mill. tonn CO2 i norske bygningar. Det tilsvarar ein firedel av utsleppet frå vegtrafikken.

Sibsidiert med ca. 700.000

Stortinget har vedtatt at elbilar er fritatt for moms og eingongsavgift. I tillegg er det rimeleg og ofte gratis lading, gratis offentleg parkering, bomring og ferje, nesten gratis årsavgift, halv firmabilskatt og høgre kilometergodtgjersle. Fri tilgang til kollektivfelta er det også. Tiltaket har vore ein suksess, men det kostar. Den dyraste og svært populære elbilen, Tesla, blir med desse ordningane subsidiert med ca. 700.000 kr. Norge brukar årleg tre-fire milliardar kroner for å få rask overgang til elektriske bilar. Det er vel og bra, men vi har fleire verkemiddel.

Det er ei kjent sak at skog på rot lagrar CO2 . Det gjer også trematerialar i bygningar. Derfor bør det lagast ordningar som stimulerer til å bygge meir av massivtre. Det kan vere vanlege bustadhus, blokker, offentlege bygningar, driftsbygningar og andre produksjonslokale. Eit slikt opplegg vil generere arbeidsplassar og verdiskaping. Dei siste åra har norsk foredling av trevirke minka og eksporten av rundtømmer og flis auka.

Erstatningseffekten

Gjennom fotosyntesen fangar eit tre CO2 frå lufta og lagrar gassen som karbon i trevirket. I følgje opplysningar frå Dr. ing. Jørn T. Brunsell, adm. dir. i Norsk Treteknisk Institutt, er det bunde 700 kg CO2 i ein m3 trelast.

I tillegg kjem det vi kan kalle erstatningseffekten av å bruke tre i staden for materialar som avgir store mengder CO2 ved produksjon, slik som stål, aluminium, betong, isolasjonsmatter osv. Oftast vil trevirke også vere kortreiste materialar, altså mindre utslepp frå transport.

Vennesla senterparti viser til Meld. St. 23 (2012-13) pkt 7.3 om berekraftige bygg og foreslår at det blir innført forskrifter og økonomiske ordningar som stimulerer til auka bruk av massivtre som klimatiltak. Med ei levetid på minst 30 — 50 år vil bruk av trematerialar lagre karbon og erstatte materialar som medfører store utslepp i produksjon og transport. Ei gjennomførbar «månelanding», altså.