Sørlandet er kalla det mørke fastlandet , men Vest— Agder er det fylket i Noreg som eksporterer mest til utlandet. Dette samsvarar ikkje med det bilete av Sørlandet avisene i Oslo freistar å gi av landsdelen. Dårleg på likestilling og også på andre områder er denne landsdelen. Men likevel i fremste rekke i heile landet når det gjeld industri. Kvifor er det slik? Kvifor nett denne kyststripa?

Eit av svara finn me i valet til Stortinget i 1891. Ved det valet gjorde Moderate Vestre eit godt val i kyststripa som nå er kalla Gullkysten. Og der Moderate Vestre stod sterk, var også lekmannsrørsla sterk.

Leiv Torstveit

Lekmannsrørsla var grunnlaget for indremisjonen. Sentralt var at alle kunne sjølv skjøne og forstå Bibelen. Dei trong korkje prest eller biskop til å fortelje dei kva som var rett tru. Kvart lokallag stod svært fritt i høve til hovudorganisasjonen. Organisasjonen var ikkje styrd ovanfrå, men av likestilte medlemmer. Haugerørsla stod også sterkt i dette området. Hauge var for utvikling og nye føretak. Overskotet skulle ikkje brukast privat, men styrast attende i næringa ein dreiv. Og alle skulle arbeide like hardt. Målet var eit samfunn der likeverd var høgt verdsett.Målrørsla og fråhaldsrørsla står også sterkt i dette området. I alt kan ein seie at lekmannsrørsla gir folk tru på seg sjølv. Tru på at dei kan få til noko berre dei arbeidar iherdig.

Korleis har denne mentaliteten slege ut? La oss sjå på NS før og under krigen. Folket, indremisjonen, såg på Stalin og Hitler som Hinmannen sjølv. Ingen andre stader i landet fekk NS mindre oppslutnad enn på Gullkysten. Ved valet i 1979 fekk AKP (m-l) nesten ingen røyster. Unnataket er i byane Stavanger, Haugesund og Bergen. Det var utenkjande at folket på Gullkysten skulle gi seg under ein Førar eller Formann.

Mange NS-medlemmer sa etter krigen at dei melde seg inn i partiet, då bygda sin beste mann gjorde det. Tidlegare statsminister, Jens Hundseid, melde seg inn i NS i 1940. Han kom frå Vikedal i Rogaland. Hundseid var suverent, reint ytre, bygda sin beste mann. Kor mange i Vikedal følgje dømet hans? Ingen! Vikedalbuane gjorde seg opp si eiga meining om NS. Omgrepet bygda sin beste mann eksisterte ikkje på Gullkysten. Alle var klar over kven som var flink, fekk noko til. Og ingen jobba hardare enn dei som fekk det til.

Det er nøysemd, flid og dyktighet som har skapt Gullkysten. Overskota er styrt attende til verksemda for å gjere ho endå betre.

Og det er denne sjølvstendige tenkinga mange ikkje har fått med seg. For denne tenkinga er sjølve grunnlaget for Gullkysten.

Kvifor har så få skrive om dette? Det passar ikkje inn i hovudstadkulturen si oppleving av verda. I historiebøkene får dei vel 150 nordmennene som tok del i den Spanske borgarkrigen, god omtale. Mange av dei var radikale og gode til å drive propaganda for saka si. Historiebøkene teier om dei vel 10.000 nordmennene som kjempa i 1. verdskrigen. Dei var bonde, fiskar og husmannssøner og kven i historiemiljøet i Oslo har brydd seg om dei? Få økonomar kjenner lekmannsrørsla godt. Derfor har heller ikkje dei fått med seg haldningane til folket på Gullkysten. Det er ikkje radikale bymiljø som skapar nye entreprenørar og arbeidsplassar. Det er nøysemd, flid og dyktighet som har skapt Gullkysten. Overskota er styrt attende til verksemda for å gjere ho endå betre. Dette saman med menneskje som er på jakt etter nye mulegheiter, etter nye ting. Du ser aldri at folk med mykje pengar på Gullkysten, viser seg fram i pressa.

I Vindafjord ligg to av dei største dataverksemdene i Noreg. Eg spurde ein av eigarane kvifor verksemda kunne halde til i eit så lite lokalsamfunn. Her er nokre av svara hans: Me har kort veg til tollstasjonen og der er det kort ventetid. Hus er rimelegare å bygge eller kjøpe her. Og me har både fjord og fjell som kan nyttast i fritida. Og slår folk seg først ned i denne bygda, blir dei buande. Me har derfor både stabile og høgt kvalifiserte arbeidstakarar.

Å halde til i ei lita bygd gav verksemda hans eit fortrinn framfor å vere i ein by. Og i små samfunn er det viktig å vere ein real og skikkeleg arbeidsgjevar. Denne eigaren har hus og naust ved sjøen. Tvers over fjorden bur ein bussjåfør. Han har eit like fint hus som mangemillionæren. Og desse to kjenner kvarandre og tek del i friviljug arbeid i bygda.

Er dette ein idyll frå bygda? Nei, for ein finn det same om me samanliknar byar. Arendal har lang tradisjon for ha ein overklasse. Ein overklasse som skil seg tydeleg ut. I Kristiansand skil dei med mykje pengar seg ikkje ut. Dei lever og bur nøkternt. Venstre og KrF var alltid store i Kristiansand, Høgre i Arendal. Kanskje ei av årsakene til at Kristiansand er ein del av Gullkysten og at Arendal ikkje er det. Det er dei tidlegare venstreavisene som er store på Gullkysten. Dei er liberale, for den fri tanken der alle får sleppe til.

Gullkysten fortel mest om haldningane til dei som bur der . Dei lever i eit miljø som ser positivt på at nokon freistar seg på å få til nyskapande arbeid.