Sjølv meiner eg at NRK har greidd den uhyre vanskelege balansen godt. Når NRK verkar ubalansert for Sollie, er det vel helst fordi han er konservativ og kristen. Israel kan ikkje utøve steinhard kontroll som okkupasjonsmakt over eit område, og samtidig angripe det militært som om det var eit ukjent land. Ein slik politikk er totalt uansvarleg, og kan berre skje fordi USA og landets mange jødar uansett støttar

Israel på grunn av jødane si makt i USA, men verda elles er mot Israel. Israel får milliardar i støtte saman med militær «hjelp». Slik er USA sterkt med-ansvarleg for tragediane i Midt-Austen. Desse to maktene, Israel og USA, har saman ført til altfor mange tragediar sidan 1967. Følgande siffer talar sitt tydelege språk om dei ulike tilhøva mellom partane i Midt-Austen etter 50 dagars krig sist sommar. Tala er frå 2015 etter at fleire skadde hadde døydd: Israel ein eller to drepne, Palestina: 2130 vaksne drepne, om lag 500 born, 8000 bustadar vart knust, men også fleire skular.