I regjeringsplattforma signaliserte H og Frp at dei langt på veg ønsker å oppheve konsesjonsloven, buplikta, delingsforbodet og priskontrollen på landbrukseigedommar. Vennesla senterparti går imot ei slik utvikling.

Odelsloven og konsesjonsloven med bu— og driveplikt er grunnlaget for at jord og skog i Norge er fordelt på mange, små eigarar heller enn på noen få store. Skal vi leve av naturressursane våre etter oljealderen, må vi ha eit lokalt eigarskap som gjer at folk kan bu der verdiane blir skapt. Konsesjonsloven må utformast slik at vi kan oppretthalde det familiedrivne jordbruket i Norge. Priskontrollen må sikre at unge kan kjøpe eit gardsbruk til ein pris som står i forhold til driftsgrunnlaget.

Den norske modellen med privat og lokalt eigarskap har vist seg å fungere. Jord og skog er attraktive investeringsobjekt både for kapitalsterke enkeltpersonar, AS og fond, ikkje minst i usikre tider. Vi må lære av korleis utviklinga har vore i land som har opna for storskalaoppkjøp av jord. Derfor må bu- og driveplikta oppretthaldast, og loven må ikkje opne for AS-jordbruk.

Å tillate kjøp av tilgrensande tilleggsjord konsesjonsfritt kan opne for spekulasjonsoppkjøp med tanke på å få hand om areal til bustader og næringsbygg. Det same gjeld framlegget om å kunne kjøpe konsesjonsfritt etter 5 års leige. Loven må ikkje ha smutthol som gjer det muleg å kjøpe opp landbruksjord som eit langsiktig investeringsobjekt med tanke på andre formål enn matproduksjon.

Konsesjon og priskontroll på skogeigedommar må ikkje opphevast. Med ei slik endring vil mange jord- og skogeigedommar kunne seljast utan konsesjonsplikt eller priskontroll. Ved å omgå regelverket trinnvis kan ein slakte eigedommen, kvitte seg med jorda, og doble eller mangedoble prisen.

Grensa for priskontroll må ikkje hevast frå 2,5 til 3,5 millionar slik regjeringa foreslår. Det er heilt feil å samanlikne prisen på småbruk i distrikta med bustadprisar i bynære strøk. Ei slik endring vil samtidig slå uheldig ut i grisgrendte delar av landet ved at det lokale eigarskapet blir svekka.