«…for hvem skal da avgjøre hva som er riktig og hva som ikke er troverdig?». Mitt inntrykk av Iglebæk er at han utelukkande har Bibelen som sanningskjelde. Han har tydeleg lært at Bibelen er Guds ord og sanning. Det kan sjå ut til at han ikkje har høyrt om vitskap og forsking på kristendommen — ettersom han stiller spørsmålet sitt ovafor. Trur Iglebæk at Bibelen er ei gjennomarbeida historiebok kor kvar einskild hending og utsegn har blitt kontrollert fleire gonger slik historikarar gjer i dag? Bibelen kan ikkje kallast ei historiebok.

Bevise Gud

Verken Iglebæk eller nokon annan kan bevise Gud, men det fins overlag mange indikasjonar på at Gud ikkje fins. To nordmenn har gode definisjonar på Gud og kristendommen, Arnulf Øverland: «Religion er eit system av ynskjefantasiar som skal dekka over den harde verkelegheita». Godt sagt. Så Jostein Gårder: «Til alle tider har menneske laga seg mytar om ting dei ikkje forsto». Gud skapte ikkje oss, det var tvert om vi som skapte han/ho. Fleire ærlege prestar trur lite på Bibelen i dag: Slikt som jomfrufødsel, oppståa og helvete. Så til svaret på overskrifta: Gå til bokhandelen og kjøp fleire bøker om seriøs forsking på kristendommen, men ikkje av kristne forskarar, for dei har gjerne svaret på førehand, trur dei.