Det eine svaret er: Nei, me kan ikkje. Det andre svaret er: Jau, me kan. Saka er altså ikkje enkel. Men spør me slike som reknar seg for ’politisk korrekte’ – særleg inne i Oslo – er saka såre enkel: ’Neger’ er grovt diskriminerande. (Forresten har ’politisk korrekt’ lite med radikale haldningar å gjera; fenomenet oppstod i USA blant slike som nettopp ville vera … ’politically correct’.)

Kven har gjeve ein Oslo-klikk fullmakt til å bestemma slike spørsmål? Ingen. Men dei forventar og reknar med at resten av samfunnet følgjer etter. Språkrådet vart ikkje spurt til råds. Derimot uttalte Språkrådet i 2006 at ordet måtte sjåast som ’problematisk’ – og det var eit upopulært svar. Men faktum i dagens norsk er at somme meiner ’neger’ er diskriminerande, andre ikkje. Skiljelinja går i hovudsak mellom yngre og eldre, og mellom sentrum og distrikt.

Ordet ’neger’ vart først rapportert brukt av ein bergensar midt på 1700-talet og har sidan vore einerådande i norsk. ’Neger’ er opphavleg spansk og tyder ingen ting anna enn ’svart’. I to hundre år har nordmenn brukt ordet utan å leggja noko spesielt i det. I løpet av dei siste tretti åra så fleire og fleire fått det for seg at ’neger’ burde koma på lista over forbodne ord. Alternativet er ikkje eintydig. Mange vil ha ’svart’, andre ’farga’ – atter andre ’afrikansk utsjånad’. Vanlegast er nok ’svart’ – Aftenposten skreiv såleis den 8. september om ’de svarte i USA’.

Ein FrP-representant i bystyret i Kristiansand den 7. september omtalte ein AP-representant som ”en neger fra svarteste Afrika”. (Truleg lite relevant.) Det vart styr; det hjelpte lite at tonen hans var rosande: ”Farge og geografi betyr ikke noe. (…) Han har gjort en utmerket jobb for å bygge byen”. Det raude kortet lyste. Frp-aren måtte be om orsaking.

Er det ikkje dei svarte sjølve som avgjer ordvaløren? Nei. Det er den som ytrar seg, som har det siste ordet når det gjeld si meining. Noko anna er det at sidan så mange med mørk hudfarge har vorte nordmenn i løpet av den siste generasjonen, gjer me klokt i å undersøkja kva ord dei ønskjer skal brukast. Det er god folkeskikk. Men – det endrar ikkje det prinsipielle: ein mottakar kan ikkje bestemma kva ein avsendar legg i sine ord.

Litt dokumentasjon: Johan Borgen, ein av våre store novellistar, skreiv ei novelle i 60-åra med tittelen ”Negeren”. Då Nordlandsbana (mellom Trondheim og Narvik) vart opna like før 1950, stod det som bilettekst i Aftenposten: ”Nordlandsbanen åpnet i går. Neger var med.” Og, berre for å ha sagt det, Martin Luther King nytta ordet ’negro’ i talane sine på 60-talet. Det er med andre ord lett å slå fast at ’neger’ ha vore eit sakleg ord like til nyare tid.

Men så er det slik at ordvalørar ikkje ligg fast. Ein ting er at valøren endrar seg over tid (jf. Borgen og Luther King). Dessutan skifter han med situasjon og sjanger. ’Bergensar’ kan vera fullkome nøytralt i ein situasjon, men ha klar skjellsordfunksjon i ein annan. ’Neger’ er som andre ord. Sjølvsagt. Det er både naivt og feil å tru at nokre ord er nøytrale, andre er det ikkje. Likevel har somme no bestemt at ’neger’ ikkje skal brukast. Og personar i landet vårt med mørk hudfarge får beskjed om at dei skal kjenna seg støytte viss nokon bruker ordet ’neger’. Då finst det inga anna løysing enn at ein må passa på og forhøyra seg om kva slags ord som er ønskjeleg.

Alle eig språket. Difor eig ingen det. Og alle har ein sjølvskriven rett til å ha meiningar om ord. Sjølv har eg det siste halve året vore opprørt over ’surrogatbarn’. Kva slags syn på nyfødde menneske er det å kalla dei ’surrogat’? (Men der har dei ’politisk korrekte’ vore tause ... )

’Neger’ er kanskje på veg ut som brukbart ord, og det er heilt greitt. Det er mindre greitt at somme er overivrige til å krevja ord på indeks heile tida. Slike personar bidreg til å skapa eit forkrøpla (orsak!) språksamfunn. Det er nemleg viktig å ha klart føre seg at haldningar og toleranse sit i hovudet på folk – ikkje i bokstavane.