Hald fingrane frå fatet, men ta oppvasken etter festen. Det synest kort oppsummert å vere den politiske høgresida sitt syn på offentleg sektor. Alt vil gå så mykje betre dersom private får overta, blir det hevda. Men når festen er over og rekninga kjem på bordet, må ofte staten og skattebetalarane ta ansvaret. Mange fekk seg nok ein tankevekkjar då staten måtte overta to store private bustadbankar i det marknadsliberalistiske USA. Men kampen for ein sterk velferdsstat er ikkje over. Den møter stadig nye motkrefter.

På åtti— og nittitalet var marknadsliberalistane på offensiven i norsk samfunnsdebatt. Påstanden om at ein sterk stat og gode velferdsordningar står i vegen for vekst og personleg utvikling, hadde vind i segla. New Public Management med sine visjonar om å forme offentleg sektor etter mønster frå næringslivet gjekk som ei farsott over norske kommunar. Fleire private løysingar og mindre offentleg regulering skulle redusere offentleg byråkrati og føre til vekst, velstand og lågare skattar. Høgresida i norsk politikk gnei seg i hendene og proklamerte at den nordiske velferdsmodellen med gode offentlege velferdsordningar og eit velregulert arbeidsliv hadde utspelt si rolle.

Dei ideologiske stormangrepa på den nordiske velferdsmodellen har løya ein del i det siste. New Public Management endra kanskje byråkratiet, men fjerna det ikkje. Spådommane om at ein sterk velferdsstat og eit velregulert arbeidsliv ville hindre vekst og utvikling, har ikkje slått til. Utviklinga i Norden bryt så sterkt med dei rådande marknadsliberalistiske teoriane at stadig fleire land og fagmiljø kjem hit for å studere vår modell. New Zealand som var tidleg ute med offensiv satsing på New Public Management, har hausta negative erfaringar og er i ferd med å reversere utviklinga. Og i USA har bustad- og bankkrisa ramma mange svært hardt og mint oss om veikskapane til marknaden og dei private løysingane.

Når resultata kjem på bordet og marknadsliberalistane er i ferd med å miste noko av hegemoniet i samfunnsdebatten, så skifter dei taktikk. No dømer dei ikkje lenger den nordiske modellen nord og ned. Tvert i mot har liberalistane med tenkesmia Civita i spissen starta ei kampanje for å tileigne seg deler av eigarskapet til modellen. Tidlegare finansminister Per Kleppe åtvara i eit innlegg i Dagbladet mot den freidige omfamninga som er kombinert med ein freistnad på å redefinere basisen for modellen. Kleppe er spesielt kritisk til at Civita og Kristin Clemet vil nedtone verdien av den rolla partane i arbeidslivet har hatt for utviklinga av vår samfunnsmodell.

Sjølv om den nordiske velferdsmodellen ser ut til å ha overlevd det ideologiske stormangrepet på åtti- og nittitalet, er det liten grunn til å slå seg til ro. Velferdsstaten blir i dag utsett for ein spekkhoggartaktikk som kan svekke den legitimiteten den har blant folk og bli farlegare enn dei ideologiske angrepa. Dei same kreftene som ønskjer å redusere offentleg sektor, går gjerne på barrikadane når nokon klagar på at det offentlege tilbodet er for dårleg og dei offentlege investeringane for små. Når vi står overfor store og små utfordringar i samfunnet, ropar høgresida på private løysingar og meir valfridom. Men når folk har valt private løysingar som sviktar, ropar dei på staten og skuldar den for skyve i frå seg ansvaret.

I det korte og personfokuserte perspektivet som dominerer dagens politiske debatt, gløymer vi lett ein del elementære samanhengar. Så lenge vi har ein stor offentleg sektor, kan stat og kommune ordne opp etter private skolar som går konkurs og ta ansvar for tunge pasientgrupper som private institusjonar ikkje vil ha. Og ein sterk stat kan rydde opp i kriser som er skapt av private bankar. Men jo mindre den offentlege sektoren blir, jo vanskelegare blir det for det offentlege å vere garantist for tryggleiken og velferda til borgarane. Dei som har minst, blir sitjande med svarteper, og dei rike blir rikare.

Det er lite truverdig når enkelte parti lovar å auke velferdstilboda på ei rekke område, samtidig som dei vil ha ein sterkt redusert offentleg sektor og sterkt reduserte skattar og avgifter. Men dette opportunistiske presset på offentleg sektor er stadig meir dominerande i den offentlege debatten. Det kan raskt vise seg å bli farlegare for velferdssamfunnet enn den ideologiske kampen som velferdsstaten har stått midt oppe i dei siste åra.

Betre blir det ikkje av at stadig meir kommersielle media gir entusiastisk støtte til alle gode formål som fleire og rimelegare tenester, meir infrastruktur, mindre avgifter, betre klimapolitikk og lågare skattar utan å setje ting i samanheng. Eriksen og Trentz, som er forskarar ved ARENA-programmet, skreiv nyleg i ein kronikk i Aftenposten at vi har ei utvikling som understøttar personifisering av politikk, og som støttar populistiske leiarar som eksellerer i forenklingar.

Solidarisk innsats i møte med store samfunnsutfordringar har skapt den nordiske velferdsmodellen. I dag står vi overfor nye utfordringar som vil krevje solidaritet og felles innsats. Ikkje minst klimatrusselen vil medføre omtillingar som lett kan skape store forskjellar om vi lar marknaden styre åleine. Vi må derfor ta vare på og vidareutvikle den nordiske velferdsmodellen og møte trusselen frå dei populistiske spekkhoggarane slik vi har møtt trusselen frå marknadsliberalistane.