Trude Brita Nergård

Samstundes er det ei vanleg oppfatning, både blant politikarar og i opinionen, at familiesolidariteten i vårt moderne, individualistiske samfunn minkar. Det er særleg tida frå sekstitalet og frametter, med den sterke vekta på sjølvrealisering, som får skulda for denne utviklinga. Følgjene kan bli at vaksne barn ikkje lenger kjenner seg forplikta til å stille opp for gamle foreldre. Det er dette kronikken skal handle om.

Hjelp frå det offentlege

Har barn ansvar og plikt til å hjelpe foreldra sine, eller er det opp til kva lyst og interesse den einskilde har? I ein studie gjennomført ved NOVA i 2013 og 2014, blei ei gruppe på 40 personar, like mange menn som kvinner, spurd om dette. Deltakarane var mellom 40 og 60 år. Dei fleste foreldra klarte førebels seg sjølv, men nokon byrja å skrante og fekk hjelp frå det offentlege.

Vi lever i eit land kor familien ikkje lenger har noko formell omsorgsansvar for vaksne personar. Det tok staten på seg med innføringa av lova om sosial omsorg (1964). Det store fleirtal av dei 40 informantane eg snakka med, meiner likevel at vaksne barn har ei plikt til å yte hjelp og omsorg til sine foreldra når desse har behov for det, vel å merke «i normale tilhøve». Det er ei presisering som går att, for alle har forståing

Har barn ansvar og plikt til å hjelpe foreldra sine, eller er det opp til kva lyst og interesse den einskilde har? spør artikkelforfattaren. Foto: Frank May

for at det finst familiar med så vanskelege relasjonar at ein ikkje kan vente at barna stiller opp. Knapt nokon kjenner likevel tilfelle dei meiner kvalifiserer som denne type unnatak.

Heilt naturleg å stille opp

Mange av intervjupersonane kallar det «heilt naturleg» å stille opp for foreldra, når dei no er i ferd med å bli gamle og treng hjelp. Opplevinga av plikt synast mest fråverande. Det dreier seg snarare om å gjere gjengjeld for hjelp og støtte dei sjølv har mottatt tidlegare i livet. «Far min har vore grei mot meg heile livet. Eg kan ikkje anna enn å hjelpe han no når han treng det», seier Liv (47). Nanna (44) føler det kviler eit særleg ansvar på ho og større enn på systrene, når det gjeld å følje opp foreldra som no byrjar å få bruk for det. Ho gløymer aldri korleis mora og faren slo ring ikring ho og bidrog praktisk då ho som nittenåring blei åleinemor.

Langt frå alle opplever likevel at dei «skuldar» mor og far sin noko. «Eg syns ikkje eg har spesielt mykje å takke mor mi for», meiner Inge (53). Mora blei tidleg åleine og strevde med å meistre utfordringane det baud på. «Det har aldri vore noko nært forhold mellom oss barna og foreldra våre», fortel Lisbeth (44). Medan Odd (44) meier han fekk lite oppbakking og støtte heime, særlig frå faren som han skildrar som ein litt kald og påhalden person.

Fråvær av påbod

Handlingar som er styrt av pliktkjensle har ofte karakter av å vere meir sjølvsagte og prega av automatikk, enn om den einskilde meir fritt kan vurdere om ein til dømes ynskjer å bidra med hjelp og omsorg til sine gamle foreldre. Fråvær av påbod inneber meir rom både for å tolke korleis familieforpliktingar skal definerast og oppfyllast, og for «legitime unnskyldningar», det vil seie grunnar til ikkje å stille opp. Ein skulle soleis tru at vårt individualiserte samfunn kunne dei som verken synes dei står i skuld til foreldra og heller ikkje har veldig lyst til å stille opp, slappe av og la vere å bry seg.Men sånn ser det ikkje ut til å vere. Det kor lysta til å hjelpe ikkje strekk til, kjem ofte plikta inn i bilete. Det er også kjend frå andre studiar. Odd fortel til dømes at han aldri vore inne på tanken å la vere og hjelpa foreldra sine, heller ikkje om det bare var faren som satt igjen åleine. «Eg er kanskje ikkje ei veldig kjærleg dotter, men eg oppfører meg som det. Eg gjer det ei kjærleg dotter ville ha gjort», seier Beate (60).

Familiesolidaritet

Familiesolidaritet er ikkje lett å måle. Heller ikkje finst det mykje eksakt kunnskap om korleis det var «før i tida», i alle fall ikkje om vi går langt tilbake i tid. Det resultata av denne studien fortel er at hjelpa og omsorga frå den unge generasjonen vaksne barn til foreldra sine, langt frå er borte. Det er heller ikkje veldig overraskande, gitt at det dreier seg om heilt sentrale relasjonar i eit menneskeliv.

Normer og ideal utgjer viktige retningslinjer for handlingar, men er ikkje noko sikre predikatorar for åtferd. Tilslutninga til same generelle norm kan føre til høgst ulik praksis. Til dømes var det inga forskjell mellom mennene og kvinnene eg intervjua i synet på om det er ei plikt å hjelpe gamle foreldre. Likevel er det ei kjend sak at det ofte er stor forskjell på søner og døtrer si faktiske innsats på dette området.

Det er vanskeleg å førestille seg eit samfunn der familiesolidariteten forsvinn. Samstundes vil måten som han artar seg og kjem til uttrykk på, alltid avhenge av samfunnet som omgir personane. I ein velferdsstat som den vi har i Noreg, vil det offentlege ha ein stor plass i korleis denne solidariteten forvaltas. Sjølv om familiesolidariteten held fram med å vere sterk, er det derfor lite truleg at behovet og forventningane for offentlege eldreomsorgstenester blir mindre.