Setesdal har i nasjonal samanheng vore ein av dei store leverandørane av gamle gjenstandar og bygningar, både til musea og antikvitetshandlarar. Når ryktet gjekk i Setesdal om at Arthur Hazelius sine oppkjøparar frå Nordiska Museet i Stockholm kom oppover dalen, fann mange fram dei finaste ølbollane og primstavane og stilte seg langs vegen for å selje. I eit fattig bygdesamfunn var kvar einaste krone verdfull, og mange såg på det gamle som unytting og lite teneleg for den nye tida som var i emning. Men mange trega nok i etterkant.

Nordiska Museet i Stockholm har i seinare tid deponert mange av sine gjenstandar tilbake til Noreg. Også Setesdalsmuseet har fått nyte godt av dette rause tilbodet.

«Hadde museet ligget lenger vekk fra fjorddampen, opp i høyden til et tørrere klima i for eksempel Sørkedalen eller Maridalen, hadde det hjulpet», seier ein bekymra museumsdirektør Olav Aaraas ved Norsk Folkemuseum på Bygdøy til Aftenposten 22. februar i år. Museet slit med store fuktskadar, og må bruke store summar for å halde unna for dei mest prekære roteskadane.

Dagen før, den 21. februar, uttalar Vest-Agder fylkesmuseums direktør til Fædrelandsvennen at han ynskjer å flytte same typar bygningar endå nærare sjøen, til Odderøya, ut mot havgapet og til det ekstremt skadelege havsaltet som fylgjer med klimaet her. Og det skal bli eit «moderne» museum som skal kome på Odderøya. Han vil bort frå friluftsmuseets nasjonalromantiske modell frå slutten av 1800-talet, som han meiner er forelda, og fornye ideen om korleis eit friluftsmuseum skal arbeide og visualiserast. Korleis dette vil bli kan han likevel ikkje gje noko sikkert svar på, men «kanskje blir det et kompakt museum med tak over deler av bygningene. Kanskje skal et av setesdalsloftene bygges inne i utstillingsbygningen bak glassfasader mens andre står i friluft. Kanskje skal enkelte hus stå uferdige for å demonstrere konstruksjonen. Kanskje skal en kopi av et 1700-talls seilskip bygges fra kjøl til mast i museumshavnen. Mulighetene er mange», seier museumsdirektøren til Fædrelandsvennen.

Sjølvsagt er mogelegheitene mange. Og når vi veit at bygningsmasse og gjenstandssamlingar er fundamentet i eit museum, må ein ta omsyn til dette. Men skal dette vere einaste utgangpunktet? Må ein nødvendigvis ta utgangspunkt i heile gjenstandsmassen og bygge museum i høve til dette, eller kan ein heller definere kva museet skal vere, og så bruke dei bygningar og gjenstandar som passer inn i konseptet? Når ein skal bygge eit nytt museum ut mot havgapet, med Kristiansand og Skagerrak som ramme, bør dette definere både innhald, form og bruk.

Skilnadene på dei to museumsdirektørane er at medan den eine ynskjer seg ein dal til å setje nasjonalskatten i, så har den andre ein dal å flytte bygningane til. Setesdalstunet kan gjevast i gåve til Setesdalsmuseet og flyttast til Setesdal. Her er det både rikeleg plass og godt klima. Dessutan er dette det næraste ein kjem ei flytting som er fagleg kulturhistorisk korrekt, dersom ein då ikkje skal flytte bygningane tilbake til den plassen der dei eingong har stått. Bør ikkje stiftelsen Vest-Agder fylkesmuseum vere like raus i 2011 som konsul Gunnar E. Due og forfattaren Olaf Benneche var i 1923, då dei gav Rygnestadloftet (som heldigvis ikkje blei flutt til Kristiansand) til Kristiansand Folkemuseum (no Vest-Agder fylkesmuseum), og like raus som Kristiansand Folkemuseum var i 1952, då museet gav loftet vidare til Setesdalsmuseet? Så kan det byggjast kystmuseum på Odderøya, med eller utan glasfasadar, og tiløyrande nasjonal museumshamn, seglskuter og hus frå kystlandskap i eit maritimt miljø. Dette, saman med dei militære kulturminna på Odderøya, vil skape ein heilskap og synleggjere det som er karakteristisk for dette miljøet. Byen og sjøen skaper ramma, og kan bli eit spanande prosjekt.

No er det visstnok ikkje aktuelle politikk å flytte museet til Odderøya med det første. Men som Fædrelandsvennen skriv på leiarplass (21.02.11), så ville «det beste være å lage en plan for museumsflytting til Odderøya som lar seg gjennomføre etappevis etter hvert som økonomien tillater det». Første etappe i denne planen kunne vere å gje bort Setesdalstunet til Setesdalsmuseet. Dette ville ikkje minst folk frå Kristiansand nyte godt av, når dei gjennom heile vinterhalvåret, på veg til Brokke eller Hovden, kunne nyte synet av praktbygningane frå Setesdal — mot nye gode opplevingar i fjellheimen.