Etter mitt syn sviktar framstillinga pga. svake historiekunnskapar. Ein meir interessant parallell ville ha vore å samanlikna flyktningpolitikken i mellomkrigstida med i dag eller tysk aggresjon i 1938 med russisk aggresjon i dag. Båe delane er truleg utanfor kulturredaksjonen sitt virkefelt, men dei syner jamvel kor viktig det er å hugsa 9. april, sjølv etter 75 år.

Ny informasjon, gamle historier

Media har dei siste vekene vore flinke til å presentera ny informasjon om gamle historier. Krig er eit tema som sjølv pasifistar er interessert i. Når det gjeld den norske historia er det viktig å skilja mellomkrigstida som enda 9. april 1940 og okkupasjonen som tok til same dag. Bakgrunnen for uttrykket «aldri meir 9. april» var den nasjonale katastrofen Noreg opplevde fordi ein ikkje ville innsjå kva som nærma seg. Mange vil sikkert hevde at norsk motstand uansett var fånyttes, men den tyske invasjonsstyrken var ikkje talmessig overlegen. I Kristiansand var det mobilisert over 2.000 norske soldatar mot 800 tyske. Norske avdelingar som fekk organisert seg klarte å yta respektabel motstand, ikkje minst ved Narvik.

Det norske Forsvaret vart rusta opp på slutten av 1800-talet og krig vart unngått i båe 1905 og 1914-1918. I mellomkrigstida vart det etter kvart vanskelegare økonomiske tider og «det brotne gevær sin politikk» fekk gjennomslag. Dette endra seg ikkje sjølv om nasjonalsosialistane kom til makta i Tyskland og Hitler sine planar vart tydelegare. Motvilja til å sjå røyndomen var ikkje eit særnorsk fenomen og den britiske statsministeren Neville Chamberlain er mest kjend for utsegna «fred i vår tid» etter avtalen med Hitler. Under eit år seinare var andre verdskrigen eit faktum.

Leiarar svikta

Politiske og militære leiarar svikta med få unnatak 9. april og det norske felttoget har få heltar. Av dei som bør nemnast er kommandant Eriksen på Oscarsborg som syte for at Blücker vart senka slik at invasjonen av Oslo vart utsett nokre timar. Stortingspresident Hambro fekk organisert evakueringa av Storting, Regjering og Kongehus ut av Oslo. Til slutt redda kong Haakon vår nasjonal sjølvkjensle med å avvisa alle tilbod frå tyskarane.

Blågestad nemnar Sverige som tok i mot norske flyktningar under okkupasjonen. Det er diverre ikkje den fulle sanninga. Kronprinsesse Märtha og borna slapp så vidt inn i Sverige 9. april og jamvel som

Politiske og militære leiarar svikta med få unnatak 9. april og det norske felttoget har få heltar. '

svensk prinsesse måtte ho forlate landet i august. Tyske troppar og forsyningar derimot vart send på tog gjennom Sverige under åtaket på Noreg og i dei fyrste åra vart norske flyktningar og tyske desertørar returnert til den tyske okkupasjonsmakta. Offisielt endra ikkje Sverige sitt syn før i 1943 då utfallet av krigen vart klårare. Det var òg i den siste delen av krigen dei fleste flyktningane kom over til Sverige og «polititroppane» vart oppretta for våpentrening. Jamvel tyder namnet på at dei måtte trø politisk varsamt.

Vanskeleg tid

Krigsoppgjeret vart ein skamplett for den norske rettsstaten og etterkrigstida var ei vanskeleg tid for mange. Passive handlingar som omgang med tyskarar og medlemskap i NS vart straffa hardt, medan dei største krigsprofitørane slapp unna. Det vart aldri nokon riksrett mot regjeringa Nygårdsvold og statsminister Gerhardsen tok aldri oppgjeret med Sverige. Den offisielle historia var norsk takksemd for

Til slutt redda kong Haakon vår nasjonal sjølvkjensle med å avvisa alle tilbod frå tyskarane.

«svenskesuppe» og «kvite bussar», men kong Haakon tilgav aldri sin svenske kollega. Heimefronten skreiv krigshistoria og var ikkje alltid like nøye med sanninga. Gode heltehistorier var viktig for å samla folket og å byggja landet. Grupper med feil politisk syn fekk ikkje nokon takk for innsatsen og etter overgangen til den kalde krigen vart dei skyvd heilt ut i mørkret. Mange spør seg kvifor me aldri vert ferdig med denne krigen. Eg trur svaret ligg i at styresmaktene med Arbeidarpartiet i spissen gjorde det dei kunne for å tåkeleggja eiga rolle før, under og like etter krigen. Difor tek det så lang tid å få fram den eigentleg historia.

Trusselbilete

Når det gjeld moderne flyktningproblem er hovudårsaka borgarkrig som i Syria. Assad-regimet støttast av Russland pga. deira marinebase i landet og alle FN-sanksjonar vert stoppa i tryggleiksrådet av Russland og Kina. Teknologi og trusselbilete er under stendig endring og i dag er det meir fokus på terror enn krig. Den tidlegare pasifisten Jens Stoltenberg leiar no NATO og oppmodar alle medlemslanda til å styrkja forsvaret og auka beredskapen. Midtausten, Afghanistan, Balkan, Rwanda og Ukraina er moderne døme på at det ikkje er slutt på krig og uro. Terroren i Paris og København syner at heller ikkje antisemittismen er eit tilbakelagt stadium. Med andre ord er det mange fellestrekk med 1930-talet. Det er den same lærdommen frå Polen 1. september 1939, Noreg 9. april 1940, Pearl Harbour 7. desember 1941 og fram til Krim/Ukraina i 2014; naivitet og vankunne gjev grobotn for nye kriser.