Mette Gundersen som er ordførarkandidat for Ap, har følgt opp og ber om samarbeid. Men dei analysane som blir presentert, er svært mangelfulle, og dei er farga av tradisjonell høgrepolitikk.

Konsekvensane

Furre vil at den nye storkommunen skal overta ansvaret for vidaregåande skole og for kollektivtransport. Konsekvensane vil bli at resten av Vest-Agder vil vere ute av stand til å oppretthalde eit variert tilbod til elevar i vidaregåande skole. Høgre ønskjer å fjerne fylkeskommunen og ser vel dette som eit langt steg på vegen til å nå dette målet. Men for dei som ønskjer å oppretthalde fylkeskommunen og vise solidaritet med heile Vest-Agder, må dette vere eit tankekors.

Ein slik storkommune vil vere ein attraktiv marknad for internasjonale velferdskonsern med hovudkontor i skatteparadis og toppleiing langt frå tenestestaden. Kombinert med dei nye avtalene TTIP og TISA som kan gi internasjonale konsern rett til å saksøkje kommunar som vil ta tilbake ei teneste, er dette ei klar svekking av demokratiet. Det er ikkje nok med garanti for aktivitet og tenestetilbod i heile storkommunen. Eg vonar AP også vil vere med på å stille krav om garantiar mot privatisering.

Ikkje realitetar

I følgje Furre skal alt i utgangspunktet vere som før bortsett i frå at vi skal ha både bystyre og bydelsutval. Alle innser at dette ikkje er realitetar på lengre sikt. Det er meir truleg at vi anten får ei sentralisering for å utnytte stordriftsfordelar eller eit ekstra koordineringsbyråkrati på toppen av dagens administrasjon. Dette må vi ha ein ærleg diskusjon om i den vidare prosessen.

Vi kan ikkje basere kommunesamanslåing på så mangelfulle analyser og så mange innbakte høgremotiv.