Norske fjerdeklassingar gir grunn til optimisme. Samanliknar vi oss med andre land, er det niåringane våre som har størst framsteg i matematikk frå 2003 til i dag. Vi bryt såleis med ein negativ trend som har sett oss langt ned på lista over land med dårlege resultat i matematikk og realfag. Men, målretta arbeid gir resultat, og med litt meir tid vil vi sjå ei merkbar betring. Eg skal forklare kvifor.

På nyåret er det 400 år sidan Galileo Galilei gjorde dei banebrytande astronomiske observasjonane sine og forkasta vranglæra om kloden som midtpunkt i universet. Galileo var mannen som kunne utfordre rådande sanningar og eksperimenterte seg fram til store oppdagingar. Sidan har store og små geni drive vitskapen framover. Skulen skal sjølvsagt ta godt vare på dei store talenta, men i jubileumsåret for Galileo er det dessverre dei svake matematikkprestasjonane som må engasjere oss sterkast.

Det finst i dag barn som går ut av skulen utan å meistre dei enklaste rekneoperasjonane. Kva inneber det? For den enkelte verkar det inn på evna til å løyse enkle problem i kvardagen, det legg føringar på val av yrke og dermed på kva han eller ho tener på arbeidet sitt. Det kan hindre eit ungt menneske i å skape seg det livet det ønskte seg. For samfunnet kan det seie at vi ikkje klarer å reprodusere den kompetansen vi treng. Også i framtida skal vi byggje hus og bruer. Vi skal lage nye program til Mac og PC, og knekkje kodar om CO2 og molekylære bindingar. Realfaga i grunnskulen er såleis grunnsteinen i byggverket av kompetanse og kunnskap som vi som fellesskap lener oss mot.

Vi skal vere audmjuke, men når pila no endeleg peiker oppover, kan det vere fordi vi har satsa rett. Vi har utvida timetala dei første åra i grunnskulen. Det er da grunnlaget blir lagt. Vi skal ha fleire lærarar i klasseromma, for læraren er den enkeltfaktoren som har mest å seie for kva elevane lærer. Vi har innført verktøy for kartlegging. Med hjelp av dette verktøyet skal det bli ei tettare oppfølging av elevane.

Den gode læraren er nøkkelen til meir læring, og matematikklærarane er betre no. Det er fordi vi har satsa aktivt på realfag, og talet på lærarar med fordjuping i matematikk og realfag har auka dei siste åra. Vi har i haust vedteke å skipe til eit varig opplegg for vidareutdanning av lærarar. Dette har lærarane lenge ønskt seg. Vi treng alle å vere i utvikling, dersom vi skal klare å halde på entusiasmen og den faglege gneisten.

Vi satsar også på dei unge som er på veg inn i læraryrket, mellom anna gjennom avskriving av studielån for dei som tek lærarutdanning på masternivå. Det er inspirerande å møte unge, engasjerte realfagsstudentar som går motstraums, som tykkjer matematikk er morosamt og viktig, og som mest av alt ønskjer å gjere noko for at skulen skal bli betre. Eg møtte ein slik på NHO-konferansen nyleg; den førre leiaren av eit prosjekt som er kalla Tenke. Dette er realfagsstudentar frå Universitet i Oslo. Dei hjelper elevar i grunnskulen med leksene. Slikt gir håp for framtida og for det arbeidet vi har komme så godt i gang med. Formidling av kunnskapar er eit flott yrkesval, og det er vår oppgåve å få fleire til å sjå dette.

Læraren treng også støtte i arbeidet sitt, og vi syter no for at rektor kjem nærmare det som går føre seg i klasserommet. Rektor skal få etterutdanning som styrkjer den rolla som han eller ho har som pedagogisk leiar og støttespelar. Rektor har ansvar for at den som står attmed tavla, har den rette kompetansen og motivasjonen for å skape gode læringsprosessar. Utan ei skuleleiing som evner å skape eit sterkt fagleg og sosialt miljø rundt læraren, når vi ikkje fram til det målet.

Eit norsk forskarteam kunne nyleg, i samband med framlegginga av den internasjonale TIMMS undersøkinga (Trends in International Mathematics and Science studies), opplyse at norske skuleelevar sit aleine og reknar matematikkoppgåver 30 % av tida utan å få fagleg rettleiing eller undervisning. Skuleleiinga må ta ansvar for at dette ikkje held fram. Å setje saman ein lærarkabal og lage gode lærarteam handlar om å nytte dei menneskelege ressursane på rett måte. Rektorskulen er såleis ei indirekte satsing på både lærar og elev, ei satsing som eg meiner vil gi resultat.

Eg taler ofte om kor viktig det er med tidleg innsats. Eg har stor tru på at det vil gi positive utslag på framtidige målingar at vi, i tillegg til lærarsatsinga og fleire timar til matematikk og norsk, no også har heile barnekull som har gått i barnehage. Barnehagane våre har høg kvalitet. Vi har dyktige førskulelærarar som, fordi dei er fagleg solide, gir barna ei trygg ramme for leik og tidleg læring. Alle som kjenner ein fire-femåring, veit kva for ein ustoppeleg trong det barnet kan ha til å forske på verda og forstå nye samanhangar.

Vi veit at barnehagebarn ved skulestart ligg eit steg framfor dei som ikkje har hatt eit slikt tilbod. Forskinga på feltet gir godt grunnlag for å meine dette. Seinast har vi fått stadfest det i ei engelsk undersøking der ein følgde 3000 barn frå barnehage til skulealder. Som 10— og 11-åringar var dei betre til å lese og rekne enn barn som ikkje hadde gått i barnehagen. Når vi veit at kvaliteten på norske barnehagar jamt over er høgare enn han er i dei engelske, gir det grunn til å tru at denne samanhangen er enda tydelegare her til lands.

TIMMS-undersøkinga vi presenterte før jul er internasjonal og måler matematikk- og naturfagprestasjonane på 4. og 8. steget. Dei norske resultata er framleis ikkje gode nok, men eg ønskjer å varsle ei endring til det betre i framtidige undersøkingar. Tala taler eit tydeleg språk: politikken verkar, og derfor held vi fram med det målretta arbeidet vårt.