Når folk uttalar seg om dagens talemål, er det ikkje sjeldan at me høyrer utsegner som: — Dei unge snakkar ikkje dialekten vår lenger, men eit slags blandingsspråk. Mange er elles opptekne av at dei unge snakkar «feil». Dei viser til at dei unge seier bærte for bar og skjærte for skar, og dei seier «æ jidde han ti kroner». Ein del klager over at dialekten på staden blir øydelagd fordi dei unge brukar så mange nye ord - ord som, harry, hot, låt, digge, donut (smultring) osv. Ein ser ikkje sjeldan lesarinnlegg i avisene, der lesaren er opptatt av kor mykje slendrian det er i norsk talespråk i dag. Ei utbreidd holdning er at språket er i forfall og blir stadig meir forflata. Mange er dei som ønskjer mottiltak. Dei vil at skolane, utdanningssystemet og språkforskarane skal gripa inn.Det er lett å finna eksempel på at norsk talemål forandrar seg; det oppstår konkrete språkendringar. Men er dei store eller små? Og skjer endringane raskt eller seint? Brukar me eit bilete og t.d. ser på språkutviklinga som ei elv, er det vanskeleg å fastslå om me nå er midt i fossar og stryk, eller om me er på eit roleg stilleflytande parti i elva. Dei endringane me kan observera, vil nokre gonger ramma sjølve språksystemet, som når blaute konsonantar blir borte hos mange unge i Kristiansand, eller når dei unge på Lista seier ei jakke, ei vise, og ikkje ei jakka, ei visa. Aller lettast er det å påvisa endringane i ordforrådet. Det strøymer på med nye ord som vil ha ein plass i dialekten. Me kan spekulera litt på kva for eit perspektiv som ligg til grunn når folk flest påstår noko om språkendring. Dei som beklagar utviklinga, reknar det tydeligvis som best at det ikkje skjer endringar i språket. Det ligg på ein måte ein premiss i botnen som seier at det naturlege ville vera at språket var stabilt. Men dersom ein ser på korleis eit språk blir overlevert frå generasjon til generasjon, er det ifølgje dialektforskar Helge Sandøy (2002) like naturleg å spørja: Kvifor forandrar ikkje talespråket seg meir enn det gjer? Språket er ein så innvikla struktur at ingen ennå har klart å laga ei perfekt beskriving av det. Språket skal lærast på sirka fem år utan forkunnskapar og utan systematisk instruksjon. Det er ein imponerande prestasjon å greia det utan at meir blir endra. Nokre endringar vil kunna skje. Ikkje minst sidan me veit at det er utruleg stor variasjon som tolest før det går utover forståinga. Det kan oppstå læringsavvik som barnet/barna tek med seg opp i vaksen alder. Eit eksempel frå Indre Agder kan vera at foreldra har rulle-r, medan barna tek i bruk skarre-r. Eit anna eksempel kan vera at foreldra seier: «me kom adde vel over bekkjen», medan ungdommane i huset seier: «mi kom alle vel over bekken».Når barnet veks til, vil det tilpassa språket sitt til den sosiale gruppa som omgjev det. Dei fleste av oss er slik at me ønskjer å vera like andre, i språket som i andre ting. Me kler oss stort sett som andre og me vil snakka slik som dei me omgåst, dvs. den gruppa me har vår språklege identitet knytt til. Me ønskjer å vera konforme, for på den måten å visa solidaritet med gruppa vår. Språket har ein identifiseringsfunksjon, og den held språkutviklinga i sjakk. Den er ei konserverande kraft i språket.I stabile samfunn er det gjerne lite høve til å velja kva gruppe ein vil identifisera seg med. Språket og språknormene blir dermed også stabile. I vår moderne tid er det ikkje alltid slik. Det er vanleg at folk flyttar på seg, kanskje mange gonger i livet. Mange bygder og byar vil derfor vera prega av stor sosial mobilitet. Det oppstår nye sosiale mønster og grupper som språkbrukaren kan identifisera seg med. Viktig å nemna her er framveksten av isolerte ungdomsmiljø. I eit eldre samfunn der ungdommen tidleg kom ut i arbeidslivet, blei identifiseringsfunksjonen med dei vaksne etablert snart. Slik er det ikkje i dag. Dei fleste unge går på skule saman med sine jamaldringar til dei er godt over tjue år. Svært få lever i dagleg kontakt med arbeidslivet. I det moderne samfunnet utgjer ungdommane eit sterkt gruppemiljø med sosiale bindingar seg imellom. Dette blir viktig for språkutviklinga. Her vil språklege novasjonar få grobotn. Det beste eksempelet på ungdommeleg gruppespråk er slang-uttrykk, av typen: kødde (tulle), fett, spa (bra), suger, kjipt (dårleg), tøde (masse, mykje), kæksy (rått), næben (pirkete) osv.Når eit nytt språkleg særtrekk tar plass i ein dialekt, så kan ein tenkja seg at dette språkdraget først har oppstått i ei ungdomsgruppe ein stad, helst i ein by, og så spreidd seg derifrå som ringar i vatn til områda ikring. Spreiing av nye språkdrag kan elles også skje etter eit «hoppe»-mønster: Med dette meiner me at eit nytt fenomen kan oppstå i ein større by, og derifrå «hoppa» til andre byar - og så vidare til bygdemåla ikring. Skarre-r-en kan ha breidd seg på denne måten. Alternativet til å sjå på framveksten av nye dialektsærtrekk som spreiing ved sosial kontakt mellom menneska, er å rekna med at språkendringar oppstår uavhengig av kvarandre på fleire stader, men likt på kvar stad. Dette er også mogeleg.Kor lang tid går det frå ei nyutvikling startar i eit område til ho er gjennomført i heile landet? Helge Sandøy (2000) har filosofert litt over dette ved å ta utgangspunkt i det mykje omtalte samanfallet mellom sje- og kje-lyden, dvs. samanfall av orda kyssen og skyssen; begge blir til sjyssen hos dei unge. Sandøy fortel at første gongen samanfallet blei registrert, var i 1977 då ein gjennomførte ei stor undersøking av talemålet til ungdommen i Bergen. Ei ny gransking i 1999 viste at 60 % av bergensungdommar fødde på 1980-talet då hadde gjennomført lydsamanfallet. I dag har dette fenomenet breidd seg til fleire byar og tettstader rundt om i Noreg. Truleg vil det likevel ennå gå meir enn 200 år før alle her i landet seier sjino (kino) og sjole (kjole), og samanfallet -sje/-kje er fullført. Me ser det nemleg av andre eldre språkendringar at så lang tid må det ta før heile landet har gjennomført eit nytt drag. Dette er såleis det raskaste me kan tenkja oss at ei språkendring kan skje i Noreg. Ofte stoppar utviklinga opp før ho har nådd heile landet, og då får me ei ny dialektgrense.Språkforskarane vil snakka om vellykka og mislykka novasjonar i talemålet. Samanfallet -sje/-kje synest vera vellykka (grip om seg), det same gjeld skarre-r-en på Sør- og Vestlandet. I ordforrådet er det lett å finna eksempel på mislykka novasjonar. Ei stund var ordet feedback mykje brukt. I dag er ordet stort sett erstatta av tilbakemelding. Tilsvarande utvikling har det vore for fleire moteord.Det nyttar lite å klaga over utviklinga i talemålet vårt. Eit levande språk vil alltid vera i forandring. Ingen, korkje foreldre, lærarar eller for den saks skuld språkforskarar, har noko å stilla opp mot dei endringane som er på gang i talemålet.