Det skein alltid der.
Ein himmelblenk av
gullskyer tvers
gjennom regnteppet.
Det var ro og age
for alt i naturspelet.
Raudkanta voner hang
over furutoppane.
Alle arbeidde med noko.
Også sirleg skrift
på gammalt brevpapir.
Jamvel tyskarane
sat på kafeen
til Augusta og ba
ho spå i kaffegrut.
Alle jenter var blide
og vakre som roser.
Kan ein finna att
denne perlebygda
med sylvdropar i
i svarte toreskyer?
Eg trur kjærleiken
mellom unge og gamle
reiser opp pillarar
for gode gjerningar .
Pussa reine av skinet
frå den store stjerna.