I samfunnet i dag er me avhengige av å meistra skriftspråket. Det finst nok likevel mange som kvir seg for å skriva – i alle fall utanom reint private samanhengar – fordi dei fryktar at dei ikkje meistrar skriftkoden eller ein bestemt sjanger.

Skriftspråk er så mangt. Ulike yrkesgrupper har utvikla normer for korleis visse tekstar skal sjå ut. Juristane har sin måte å skriva på og politikarane og akademikarar sin. For ein som vil skriva ei vitskapleg avhandling, er det såleis ikkje nok å beherska det faglege innhaldet, han eller ho må kjenna den språklege forma – den sjangeren som gjeld. Språkbruken kan på denne måten ha ein symbolsk funksjon ved å tildela status.

Nokre gonger ser me eksempel på at faggrupper overdriv eller druknar i sitt eige «gruppespråk». Dei pyntar seg med språket ved å bruka eit abstrakt språk med lange og ugjennomtrengelege setningar og mange framandord (t.d. cash-flow og outsourcing). Dei strør om seg med moteord som indikere, evaluere, implementere, allokere, relevans, mentoring, synergi osb. Eit slikt språk skaper ein uheldig avstand mellom sendar og mottakar.

I vårt land er det stor toleranse for språkleg variasjon. Me er vane med å høyra ulike dialektar, og me kjenner til at det i norsk skriftmål er stor valfridom i t.d. bøyinga av visse ordgrupper. Likevel – det «velpleidde» språket eller det «korrekte» språket har fått ein sentral plass i kulturen vår. Me reagerer på avisinnlegg med mange skrivefeil. I slike tilfelle reknar me lett innsendaren og meiningane hans/hennar som dumme. Feila gjev eit dårleg inntrykk, som me så overfører til innhaldet.

Per Egil Hegge har ei fast spalte i Aftenposten der han svarer på språkspørsmål og fortel oss om kva som er korrekt norsk skriftmål. Finn-Erik Vinje har skrive fleire bøker om det å skriva «korrekt» norsk. Mange her i landet seier: «Når me kom i går, var alle fuglane borte.« Men språkfolka seier oss at dette er gale. På korrekt norsk skriftmål må det heita: «Då me kom i går, var alle fuglane borte.» Me høyrer at dei unge i dag seier: «Han tok sjølvmord.» Dette er ein uttrykksmåte som kanskje om ti år må reknast som korrekt norsk, men i dag må det framleis heita «han gjorde sjølvmord» (nynorsk) eller «han begikk selvmord» (bokmål).

Dei fleste av oss ønskjer ikkje å merka oss ut når me skriv. Me ønskjer å følgja norma for kva som er korrekt og passande språkbruk. Som sosiale vesen er me svært vare for språklege og sosiale normer, for me er avhengige av sosial aksept. Me tolkar språkbruken og holdningane rundt oss. Tolkingane våre er grunnlaget for korleis me handlar i neste omgang. Korleis fleirtalet rundt oss brukar språket, betyr ein heil del for oss.

Korleis andre reagerer på språket vårt, er også ei viktig rettesnor. Inni oss veit me at folk ofte har kommentarar til språket dei høyrer eller ser, kva som er gangbart, passande, pent eller «vulgært». Enklast ser me dette i dei førestellingane som kan vera knytte til bokmål og nynorsk. Ein som skriv nynorsk, kan risikera å møta lesarar som meiner dette språket er eit bondemål som høyrer heime på landsbygda, og at den som skriv, er gammaldags og sidrumpa.

Roy Johansen (1998) har i ei undersøking presentert to brevtekstar for ei gruppe ungdomsskulelevar. Tekstane var skrivne på korrekt bokmål (1998), men med ulike tillatne språkformer. Det første brevet slik ut: «Jeg har den siste veka ikke fått avisa i postkassa sånn som jeg pleier. Jeg vet ikke åffer, men avisa kommer ikke…» Det andre brevet starta på denne måten: «Jeg har den siste uka ikke fått avisen i postkassen slik som jeg pleier. Jeg vet ikke hvorfor, men avisen kommer ikke…» Den som skreiv den første teksten, blei av elevane karakterisert som ikkje særleg rik, ikkje høgare utdanning, ikkje så nøye med kleda, gammaldags, ærleg osb. Den som skreiv den andre teksten, hadde, slik elevane såg det, fin jobb, høg utdanning, han/ho er korrekt og danna, fint kledd og er ein person som folk ser opp til osb.

Ved å bruka fleirtalsspråket er me mest trygge på ikkje å få negative reaksjonar på språket vårt. Kven er det så som bestemmer korleis skriftspråket skal sjå ut? Her i landet har me lange tradisjonar med offentleg språknormering. Stortinget har bestemt korleis språket i t.d. lærebøker skal sjå ut, kva former av orda som offentleg tilsette har lov til å bruka, og kva som skal reknast for feil i eksamenssvar. Nokre gonger har «folket» protestert mot den offentlege styringa av språket. Det er her naturleg å nemna «Foreldreaksjonen mot samnorsk» tidleg på 1950-talet. Nesten ein halv million underskrifter blei då samla inn i protest mot radikale folkemålsformer i lærebøkene.

I dag er det Språkrådet (med godkjenning i departementet) som stakar ut linjene for korleis skriftspråket skal sjå ut. Men Språkrådet fastset bare dei ytre rammene. Med stor valfridom signaliserer Språkrådet at det skal vera rom for toleranse i det som blir rekna for korrekt norsk. Og her er det at dei private normagentane kjem inn, som t.d. Norsk Telegrambyrå og Aftenposten.

Aftenposten har sin eigen «aftenpost-normal», som opp gjennom tida ikkje har teke omsyn til offisiell språknormering. Aftenpost-normalen representerer i dag ein konservativ variant av norsk bokmål, med skrivemåtar som syv, tyve, frem, løv, fet, sen, en gren, vuggen, dukken, en flyver, bivånet, forstenet osb. Språkforskar Helge Sandøy tenkjer slik om makta i aftenpost-språket:

Byråkratane i departementa les Aftenposten om morgonen. Etterpå skriv dei rundskriv som går ut til kontor i heile landet, og dei brukar då aftenpost-norma. Statusen til dette språket har også sitt å seia for den smitteeffekten dette språket har. I 2008 hadde Aftenposten eit opplag på 247 500. Dette betyr kanskje 400 000 lesarar kvar dag. Avisa VG følgjer stort sett språket i Aftenposten, medan Dagbladet praktiserer eit noko meir «moderne» språk.

Eg kunne ha nemnt fleire private normagentar, t.d. dei store forlaga her i landet. Eg kunne også ha nemnt den makta som ligg i moderne elektroniske ordrettingsprogram. Mange politikarar likar å tru at dei gjennom Språkrådet kan styra norsk språk. Men i røynda gjeld dette ikkje. Store private aktørar «køyrer» sitt språk, og mange av oss tek etter.