Me lever i ei tid med raske endringar i kultur og levemåte. Når samfunnet endrar seg, skjer det også noko med språket. Dialektgrensene våre blir flytta. Å finna fram til, og også å beskriva dialektgrenser, har lange tradisjonar i fagmiljøa og ikkje minst blant folk flest.

I fagbøker om norske dialektar er det ofte laga detaljrike kart som viser korleis visse særtrekk i ein dialekt stoppar opp i møte med ei elv eller ei gammal kommunegrense. Folk i Vennesla veit at det går ei dialektgrense ved Kvarsteinbrua, og folk i Kvinesdal veit at den gamle språkgrensa mellom Fjotland og Kvinesdal går nedafor garden Narvestad. I Hægebostad er alle klar over at ein i Eiken seier «å baka ei kaka», medan ein sør i kommunen seier «å baga ei kaga». Denne språkgrensa går like nord for garden Birkeland.

Ein kan undra seg over kva det var i det gamle samfunnet som skapte språklege forskjellar mellom folk, og dermed også dialektgrenser. Talespråket vårt er i stadig utvikling. Dialektforskjellar kan forklarast ved at menneske som har stort fellesskap i arbeid og i samhandel, også får utvikla likskapar i talemålet. Dei får felles nyutviklingar i språket, til forskjell frå menneske dei har mindre kontakt med.

Ofte er det elvar, fjell og vidder, skog og store avstandar som har skilt folk frå kvarandre, og skapt dialektgrenser. Desse naturtilhøva var til hinder for samferdsle og direkte kontakt. Fjordar og innsjøar kan også skilja folk frå kvarandre, men dei kan også ha den motsette effekten fordi den lettaste reisemåten var vassvegen. Dette ser ein klart på Agder-kysten. Her hadde folk sjøen som ferdselsveg, og dei hadde mykje fellesskap med naboane sine langs havkanten. Derfor finn me at sørlandsmåla har mange felles trekk i talemålet over store avstandar. Sjøen batt folk saman.

Møteplassen var viktig for talemålsutviklinga. Nemnast kan gamle administrasjonsgrenser og gammal kyrkjeleg inndeling. Frå gamalt av var kyrkjesoknet den minste kyrkjelege eininga. Dei som budde i same soknet hadde kyrkja som felles møteplass. Ordet sokn kjem forresten av verbet «søkja», folk søkte saman. På kyrkjebakken etter gudstenesta møttest folk, og der snakka dei saman med sambygdingar frå heile soknet. Soknebarna fekk same dialekten.

Dei rettslege administrative områda er også ofte uttrykk for kva som var naturlege fellesskapsområde for handel og næringsliv. I Vest-Agder finn me døme på dette i Åseral. Denne bygda høyrde i fleire år saman med bygdene i indre Aust-Agder, eit administrativt område som blei kalla Råbyggjelaget. Dette hopehavet ser me spor etter i åsdølmålet i dag, som har mykje felles med setesdalsmålet i aust. Sirdal og Bakka var i mange hundre år administrativt knytte til Rogaland. Desse bygdene høyrer i dag til Vest-Agder, men har mange Rogalands-trekk i språket. Sirdølane seier «adle var fudle» (som i Rogaland), medan fjotlendingen, grannen i aust, seier: «adde var fudde».

Mange særdrag i talemålet vårt synest å vera svært så seigliva, også i dagens Noreg. Likevel, det er ikkje tvil om at det skjer endringar i dialektane. Samfunnet er i rask utvikling. Folk flyttar meir enn før, og me kjem alle stadig i kontakt med folk som har ein annan dialekt enn den me sjølve har. TV og radio fører ulike dialektar og språkvariantar inn i stovene våre.

Byen i regionen er viktig som språkleg og kulturelt kraftsentrum. Kristiansand bymål synest å breia seg både vestover og austover. Dei gamle bymålsformene «flere hestår og bilår» er nå vanlege i Søgne, så her må dialektgrensa flyttast. I Øyslebø, Laudal og Finsland har «e-målet» heilt tatt over. Her seier ein nå «han ska kjøbe ei jakke», medan mange i desse bygdene tidlegare sa «han ska kjøba ei jakka» (Røsstad 2005). Den nye seiemåten er henta frå talemålet i kystbygdene og/eller Kristiansand by.

Det er elles ein generell tendens til at kystmåla breier seg innover på Agder. Måla langs kysten har opp gjennom tida hatt mykje kontakt både seg imellom og elles blitt påverka av trafikk utanfrå. Når språk og dialektar møtest, skjer det ofte ei forenkling i språksystemet. Kystmåla på Agder har difor eit enklare bøyingssystem enn talemåla lenger inne i landet.

I dag kjem kystmålstrekk inn i dialektane i midtre og indre strøk i Agder-regionen. Folk i indre bygder har t.d. alltid sagt «eg søve og eg kjæme», og også «eg he fenge og eg he gjenge». I dag har kystmålsformene for ein stor del overtatt, ein seier nå «såver og kåmmer», og «har fått og har gått». I Aust-Agder var uttrykksmåten «Kan e kjøre med du?» tidlegare i hovudsak knytt til området, Tvedestrand, Arendal og Froland. I dei siste tiåra har bruken av du-forma i slike setningar spreidd seg til nabokommunane Birkenes, Lillesand, Vegårshei, Gjerstad og Åmli. Nemnast kan også den sørlandske skarre-r-en, som før til dels var eit kystfenomen. Nå skarrar folk på r-en langt opp i dalane i landsdelen vår.

Ein grunn til den sterke kystmålspåverknaden ligg nok i den prestisjen kystmåla og bymåla på Sørlandskysten har hatt frå gammalt av. Mykje har det elles hatt å seia at ekspansjonen i næringsliv, handel og kulturtilbod i nyare tid for ein stor del har skjedd (i byane) langs kysten. Det «moderne» mennesket på indre Agder har mange ærend til byen, og det fell lett å ta imot impulsar frå den urbane kulturen. I kjølvatnet av dette endrar også språket seg.

I radio og på tv høyrer me mykje bruk av dialekt. Men me høyrer også stadig bruk av det me kan kalla eit norsk normaltalemål eller eit standardtalemål. Dette er eit talemål som har grunnlaget sitt i bokmålet, og ofte også med søraustnorsk uttalemønster. Det er også eit talemål som har prestisje i det norske språksamfunnet. Dette språket dannar mønster, bevisst eller ubevisst, for dialektutviklinga.

På Agder fell påverknaden frå standardspråket for ein stor del saman med dialekttrekk som alt finst i kystmåla. Dialektane i midtre og indre strøk er derfor under press frå to kantar. I dette biletet er det ikkje rart at dialektkartet for Agder må teiknast på nytt – og me ser her eit klart døme på at språk og samfunn heng uløyseleg saman.