Det einaste spørsmålet eg ville like å stille alle dei vennane eg har fått etter krigen, er om dei hugsar kor dei var 11. juli 1995. Eg ville forvisse meg om at ikkje dei også deltok i forræderiet. Men eg vågar ikkje.

(Redigert sitat frå Emir Suljagics bok om Srebrenica)

Den 11. juli 1995 inntok serbiske styrkar Srebrenica-området, som verdssamfunnet hadde garantert skulle vere ei trygg sone. Den vesle nederlandske FN-styrken blei dels ståande som passive tilskodarar, dels fekk den rolla som administrator av den etniske utreinskinga. Kvinner og barn blei sendte av garde mot Tuzla. Gutar og menn blei transporterte bort for avretting.

Talet på offer for folkemordet dei neste dagane er anslått til 8 100. I mai i år var levningane frå 6 557 personar identifiserte. Nye kjem stadig til. Da eg for ti dagar sidan besøkte minnelunden ved Potocari, få kilometer nord for byen Srebrenica, var det stor aktivitet for å klargjere nye graver. Den nederlandske FN-styrken hadde hovudkvarteret sitt i Potocari. Her søkte 239 gutar og menn frå lokalbefolkninga tilflukt da serbarene kom; alle blei utleverte, ingen overlevde.

Da eg forlet Srebrenica, sette eg meg oppe i åsen med utsyn over byen og prøvde å rydde i inntrykk og viten. Eg registrerte at moskeen er restaurert og pregar bybiletet saman med den serbiske kyrkja nær ved. Men i dag bur det berre 4 000 bosniakar (muslimar) i området. Før krigen var talet 27 000, om lag 75 % av totalbefolkninga.

Folkemordet i Srebrenica er langt frå er den einaste bestialske hendinga i den brokete soga til Bosnia. Gjennom historia framstår landet som eit janusansikt med ei lys og ei mørk side. I lange periodar har den lyse sida dominert. Bosnia har vore eit bruhovud mellom aust og vest, mellom Europa og orienten. Ulike etniske grupper og religionar har levd i fredeleg sameksistens. Avstanden har vore kort og kontakten god mellom moskeen, den serbisk ortodokse katedralen, det romersk-katolske kyrkjebygget og synagoga. Ekteskap på tvers av etniske skiljeliner har vore utbreidd.

Den mørke sida er skildra av den bosniske (og jugoslaviske) forfattaren Ivo Andric i novella «Eit brev frå 1920». Etter opplevingar under første verdskrigen stiller hovudpersonen følgjande diagnose på heimlandet: Bosnia er eit land av hat. Djupt under karakterstyrke, kjærleik og tørste etter sanning ligg det oppdemte orkanar av hat.

Under andre verdskrigen kom nattsida grelt til synes. Bosnia var del av den fascistiske «Fristaten Kroatia», som dreiv masseutrydding av serbarar, jødar og sigøynarar. Det er hevda at om lag 200 000 av to millionar bosniske serbarar og 12 000 av 14 000 jødar blei drepne. Fristaten Kroatia hadde muslimsk visepresident. Det blei drøymt om ein sjølvstendig muslimsk bosnisk stat.

Neste mørkefase kom ved borgarkrigen etter oppløysing av Jugoslavia. Bosnia-Hercegovina var spesiell blant tidlegare jugoslaviske republikkar ved at inga folkegruppe hadde majoritet. Da EU og USA i april 1992 godkjente landet som sjølvstendig stat, gjekk serbarane til militær aksjon. Resultatet av borgarkrigen var om lag 100 000 drepne, at nær halvparten av befolkninga blei fordrivne eller flykta, og at 20 000 kvinner vart valdtekne. Serbarane sloss mot kroatar og bosniakar. Dei to sistnemnte sloss dels seg i mellom, dels saman mot serbarane. Hatet var rikeleg fordelt på partane.

Ein bakgrunn for Srebrenica-massakren var at mange bosniakar frå område ved Drina-dalen søkte tilflukt i og rundt byen. Innbyggartalet var i 1993 nesten fordobla til 70 000. Den bosniske hæren der – under leiing av den karismatiske offiseren Naser Oric – pressa dei serbiske stillingane tilbake. Ved nattlege aksjonar blei serbiske landsbyar øydelagte, plyndra og tømte for innbyggarar.

Prisen for å få slutt på borgarkrigen var høg. Dayton-avtalen som blei signert i desember 1995, sementerte langt på veg den etniske utreinskinga som alle tre partane hadde utført. Både før og under krigen låg det føre fredsalternativ som hadde store likskapstrekk med Dayton-resultatet. Desse kunne truleg spart mange menneskeliv og forhindra folkemordet i Srebrenica.

I mars 1992 blei Lisboa-avtalen om ein trietnisk bosnisk stat underskriven av leiarane for dei tre gruppene. Men to veker seinare – etter samtale med den amerikanske ambassadøren – trakk bosniakleiaren Alija Izetbegovic tilbake godkjenninga. I 1993 var det lagt fram to forslag til fredsplan; utarbeidde av respektive Vance-Owen og Owen-Stoltenberg. Serbarane avviste det første, bosniakane det andre.

Frå serbisk side har soga om massakren i Srebrenica dels vore karakterisert som muslimsk propaganda, dels som grovt overdriven, og dels som ein nødvendig militær aksjon. Men i mars i år vedtok parlamentet i Serbia ei erklæring med fordømming av brotsverket i Srebrenica og med unnskyldning ovafor dei etterlatne; rett nok utan å bruke uttrykket folkemord (genocid).

Ved krigsforbrytardomstolen for Jugoslavia i Haag pågår det rettslege oppgjeret etter borgarkrigane på 1990-talet. I juni i år blei tre høgtståande militære dømde for rollene sine i Srebrenica. To fekk livsvarig fengsel, den tredje 35 år. I tillegg blei fire tidlegare offiserar eller politi dømte til mellom fem og nitten år. Saka til den bosnisk-serbiske leiaren Radovan Karadzic pågår framleis. Etterfølgjaren hans Biljana Plavsic blei i 2003 dømt til fengsel i elleve år, men frigitt i 2008. Slobodan Milosevic, tidlegare president i Serbia, døde i 2006, medan saka mot han pågjekk.

Men Ratko Mladic, den militære kommandanten for Srebrenica-aksjonen, er stadig på frifot, truleg i Serbia. Kanskje bur han anonymt i ein av dei mammutstore bustadblokkene i bydelen Novi Beograd? Kanskje blir han halden i skjul av folk frå hæren i eit av dei underjordiske anlegga frå Milosevic-tida? Familien hans har hevda han er død. Naser Oric blei i 2006 dømt til to års fengsel for overgrep mot serbarar, men frifunnen av appelldomstolen. Seinare er han fengsla i heimlandet for ulovleg våpenhandel og kvitvasking av store pengesummar.

Men verdssamfunnet blir ikkje stilt til ansvar for sviket mot Srebrenica. Appelldomstolen i Haag avviste i mars i år eit søksmål som organisasjonen «Mødrer frå Srebrenica» hadde reist mot FN og Nederland for ikkje å ha hindra massakren. Internasjonale konvensjonar gir FN immunitet, slo domstolen lakonisk fast.