Fyrst dei store tala: I 1975 snudde ein århundrelang vekst i norsk industrisysselsetjing. Brått gjekk tala nedover. No er det 40 år sidan vendepunktet. Me kan sjå på statisikkane at det var noko mykje meir enn eit konjunkturskifte. Men kva var det?

Sjølv hugsar eg det godt. Eg arbeidde på Falconbridge Nikkelverk, og hugsar at alle ferieavløysarane måtte slutte i august det året. Det hadde aldri hendt før. Det hadde alltid mangla folk om hausten. No kan me leggje bemanningsstatistikken for Nikkelverket oppå den nasjonale og sjå at frå 1929 til i dag er kurvene så å seie heilt samanfallande. Vendepunktet er like tydeleg på begge to.

Mange mytar er dyrka fram

Lite er diskutert om desse endringane, lite er forska og lite kjeldemateriale er samla. Men mange mytar er dyrka fram i staden. Den største er den om at Noreg er avindustrialisert.

Bjørn Enes Foto: Flæte, Wenke

I haust og vinter har eg hatt gleda av å arbeide saman med Nikkelverkets Arbeiderforening og Norsk etnologisk gransking om ei innsamling av munnleg kjeldemateriale om desse endringane. Det aller meste er alt publisert på nettadressa http://industri.memoar.no.Frie, munnlege forteljingar på video viser seg å ha stor verdi som dokumentasjon og kjeldemateriale, enten ein ser det som journalist, etnolog eller historikar. Den munnlege forteljinga får med så mykje kontekst, både ekplisitt uttalt og reflektert i tonefall, andletsuttrykk og fakter, at det kompenserer for ein del av det tapte innsynet me som lever no har i kvarandre sine fagområder, stammespråk og subkulturar.

Ein av mytene eg tenkte på, er den om at industri er slik som Chaplin karikerte det i filmen «Modern times» (1936). Det er ikkje så rart, for den såkalla Taylorismen — kall den gjerne «samlebandsideologien» - sto sterkt i ein lang periode.

Stort apparat av kontrollørar

På Falconbridge hadde Taylorismen sitt høgde- og sluttpunkt i åra like før 1975, med innføringa av det såkalla UMS-systemet. Dette fortel både mekanikar Kåre Knudsen, dåverande tidsstudietilitsmann Arne Johan Finne og dåverande rasjonaliseringsingenør Robert Alsaker levande om i materialet.

Det er ikkje plass her til å gå inn i detaljar. Men eit viktig funn er at ingen av forteljarane meiner at det var motstand mot autoritær og hierarkisk organisering som var hovudårsaken til at systemet vart lagt bort. Den gamaldagse «samlebandskulturen» vart avlegs på grunn av kostnadane med mange organisasjonsnivå og eit stort apparat av kontrollørar.

Det låg eit mangeårig utviklingsarbeid bak den prosessomlegginga som berga Nikkelverket gjennom 1980-åra, då mange andre industriar vart avvikla eller flytta til lågkostland. Ingen av forteljarane i dette prosjektet kjem inn på forhistoria, dei er alle for unge. (Heldigvis har historikar Pål Thonstad Sandvik sikra denne forteljinga for ettertida i boka «Falconbridge Nikkelverk 1910-1929-2000» (Kristiansand 2004)). I «mitt» materiale fortel alle informantane desto meir levande om skippertaket då det teknologiske spranget vart gjennomført.

Det som utløyste krisa liknar på situasjonen i dag: Botnen datt ut av nikkelprisen. Den gong starta det og i storpolitikken. Sovjet pøste billeg nikkel ut på verdsmarknaden, og ein lang periode med produsent-bestemte prisar var slutt. Dåverande økonomidirektør Øyvind Hushovd er den som tydelegast forklarar kor dramatisk det var for Sørlandets største arbeidsplass. Kostnadane måtte dramatisk ned.

Siste tapping i 1984

Skiftarbeidar Torleif Odland fortel om gamle Hytta, der «Smelteovnskongane» regjerte fram til siste tapping i 1984. Skift- og seinare dagarbeidar Olav Erik Sørensen fortel om korleis den nye prosessen vart bygd ut under full drift av den gamle, frå småskalatesting i Forsøksanlegget tidleg på 70-talet, til å ta bli hovudprosess frå omlag i 1986. Dagarbeidar Bjørg Bakken fortel om alle kulturendringane som fylgde i kjølvatnet av nye teknologiar og nye organisasjonsformer ut over 1980- og 90-talet.

Ingeniørane Wiggo Svendsen og Robert Alsaker fortel at det var avgjerande for fabrikken si framtid at den gamle kulturen med skarpe skiler mellom grupper, både horisontalt og vertikalt, vart erstatta med systemtenking og ein kultur der alle var involverte i vedvarande innovasjon.

Eg var - som nevnt - sjølv ein del av dette då det pågjekk. Likevel har det vore ei samanhengande «aha-kjensle» å få høve til å djupintervjue desse gamle arbeidskameratane. Samfunnet generelt og industrien særskilt, er blitt så spesialisert, at me alle berre kjenner fragment av heilskapen. Me må fortelje mykje meir til kvarandre, om me skal forstå dei store samanhengane.

Tsunamien i tungindustrien på 1970- og -80-talet

Eg ville ikkje bli overraska dersom ei grundigare analyse skulle konkludere med at dei endringane som skakar samfunns- og arbeidslivet no, «berre» er etterverknader av den tsunamien som starta i tungindustrien på 1970- og -80-talet. Ny teknologi, nye organisasjonsformer og ny kultur vaks fram ved sida av det gamle, og tok så ein dag over slik at det gamle gjekk til grunne.

Det førte ikkje til industridød. Det førte til at produksjonen vart femdobla medan talet på direkte tilsette gjekk ned til ein tredel.

Erling Stensholt oppsummerer det slik i materialet: «Jeg synes det er fint jeg, at maskinene tar over. For folk er det alltid bruk for.«