Det er i dag 381 000 innvandrarar i Noreg, dvs. personar som er fødde i utlandet med to utanlandskfødde foreldre. I tillegg kjem 79 000 personar, norskfødde med innvandrarforeldre. Til saman utgjer desse to gruppene 9,7 prosent av befolkninga (Statistisk sentralbyrå).

Innvandrarane i Noreg kjem frå meir enn 200 land (Bull og Lindgren 2009). Somme av «innvandrarspråka» blir talte som morsmål av millionar av menneske, t.d. urdu, arabisk, panjabi, russisk og polsk. Desse språka blir også i Noreg talte av relativt store innvandrargrupper. Kor mange språk som er i bruk som kommunikasjonsmiddel, veit me likevel ikkje. Me veit stort sett kva land innvandrar, asylsøkjarar og flyktningar kjem frå, men har ikkje nok kunnskapar om kva morsmål dei har, eller kva språk dei brukar i dagleg omgang med andre.

På kommune— og fylkesnivå har me opplysningar om kor mange språk det blir undervist i, i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Det talet er likevel alltid mykje lågare enn talet på morsmål i Noreg.

Inntil for få år sidan var det heilt vanleg å karakterisera Noreg som eit homogent land, språkleg og kulturelt. Slikt kunne ein lesa i ulike framstillingar, m.a. i lærebøker. Dette er ei sanning med modifikasjonar. Store delar av Noreg har så langt attende som vi veit, alltid vore fleirspråkleg og fleirkulturelt. Me kan her nemna den samiske busetnaden i Noreg frå Femunden til Finnmark. I tillegg til samisk finst det minst tre andre tradisjonelle minoritetsspråk i Noreg. Desse er kvensk (språket til dei såkalla finskætta), romani (taterane) og romanes (sigøynarane). Både samisk og dei tre andre minoritetsspråka blei utsette for sterk assimilasjons- og fornorskingspolitikk heilt fram til andre halvdelen av 1900-talet. Dette var ein tvangspolitikk. Minoritetane skulle bli norske i sinn og skinn. I dag er denne politikken radikalt forandra. Den norske staten ser det nå som sitt ansvar å verna om og styrka desse språka.

Korleis stiller me oss så til dei mange nye innvandrarspråka i Noreg? Tidlegare, faktisk så seint som i 1960-åra, var det gjengs oppfatting at bruk av minoritetsspråka var eit hinder i læringa av majoritetsspråket, hos oss norsk. Seinare forsking har vist at dette ikkje stemmer. I dag er det semje mellom pedagogar og språkfolk i synet på at eit godt utvikla morsmål (heimespråket til innvandrarane) er positivt for tileigninga av norsk språk. Forskinga viser nemleg at kunnskap og ferdigheiter i eitt språk lett kan overførast til eit anna språk utan å lærast på nytt. I tillegg ser ein det slik at morsmålet har ein eigenverdi. Alle språk er berarar av kultur og har dermed ein verdi i seg sjølv. Det tar tid å byggja opp ein ny identitet knytt til eit andrespråket (norsk) og ein ny kultur.

I fagmiljøa meiner ein i dag at dersom ikkje morsmålet blir ivaretatt i denne fasen, risikerer ein at elevane vil kjenna seg rotlause og utan identitet. Dei kan også koma i ein konfliktsituasjon med foreldra, med negative følgjer for den vidare sosiale og kjenslemessige utviklinga. Stortinget har vedtatt at framandspråklege elevar som ikkje har tilstrekkeleg dugleik i norsk, skal – parallelt med norskundervisning – få tilbod om morsmålsopplæring (gjeld både heimlandets språk og kultur).

Noreg er av og til blitt kalla for «dialektlandet». Me er alle kjende med den store geografiske og sosiale språklege variasjonen me finn i det langstrekte landet vårt. Når dialektar møtest, kan det oppstå ein ny dialekt. Dette har me sett eksempel på i industristadene Høyanger, Odda og Tyssedal. Men også i møtet mellom norsk og ulike innvandrarspråk kan det oppstå særeigne «dialektar». Språkfolka seier då at det har oppstått ein etnolekt, som kan definerast som ein talespråksvariant som er karakteristisk for språkbrukarar frå ei bestemt etnisk gruppe.

Etnolektar oppstår i ungdomsgrupper i kulturelt og språkleg heterogene miljø i storbyar og forstader. Det er tale om ungdommar som snakkar majoritetsspråket på ein «utanlandsk» måte. I Sverige har dette vorte skildra som Rinkebysvensk, i Tyskland som Türken-Deutsch. Granskingar både i Sverige, Danmark og Noreg har vist at dei «utanlandske» særtrekka i språket ikkje er eit resultat av manglande kompetanse i svensk, dansk eller norsk, men er å rekna som eit bevisst gruppespråk blant innvandrarungdom. Språket skal skilja «oss» frå «dei». Det skal gje status til minoritetsgruppa.

Her i landet høyrer ein nemninga «kebabnorsk». Det er eit uttrykk som er brukt for å beskriva ein austnorsk ungdomssjargong med mange innslag av lånord frå språk som opphavleg blir talt av ikkje-vestlege innvandrargrupper i Noreg. Særleg er ord frå språk som arabisk, persisk, panjabi og språk som blir snakka på Balkan, vanlege i denne språkvarianten. «Kebabnorsk» er i hovudsak brukt av innvandrarungdom i austre delar av Oslo. Sjølve namnet er henta frå kebab, og byggjer på ein fordom mange har i forhold til denne varianten av norsk. Dette er ikkje eit uttrykk brukarane av «kebabnorsk» bruker sjølve, men er eit medieskapt omgrep, og språkforskarar vel å kalla dette språket for «multietnolektisk norsk».

Her følgjer nokre eksempel på ord som høyrer til den såkalla «kebabnorsken»: avor (kom, vi stikker!; berbisk/persisk), baosj (politi; arabisk/berbisk), baja (ven; urdu/panjabi), kæbe (jente/hore; arabisk/berbisk), sjpa (kult, pent; berbisk/kurdisk), lø (dårleg; arabisk/kurdisk), wolla (lovar, sver; arabisk) osb. Interessant er det at også ungdommar utan minoritetsbakgrunn tek i bruk ord frå etnolekten i visse samanhengar. Bare tida vil visa om etnolektane vil overleva, eller om dei vil innordna seg i «normalspråket».

Dei fleste i dei politiske miljøa her i landet ser på dei mange nye språka og dei nye språklege uttrykksformene som ei beriking av det norske språksamfunnet. I Stortingsmelding 35 (2007-2008) heiter det såleis: «Det er eit uttalt mål for den politikken regjeringa fører overfor nasjonale minoritetar, at personar som tilhøyrer desse gruppene, skal kunna uttrykkja, halda oppe og vidareutvikla sin identitet, sitt språk og sin kultur.»