At det er mitt parti (H) som vil gjennomføre denne reforma, gjer det ikkje lettare for oss i utkantane. Jan Tore Sanner har ein tendens til å måle alt utifrå Oslo. For dei er det folketal i dei nye kommunane som tel. Det blir feil for oss som lever og bur i utkantstrok.

Det er fleire omsyn å ta i ein prosess med å lage større kommunar. Ikkje berre folketal. For oss på landsbygda tel kultur, identitet og geografi meir. I vår tid med ein stadig betre datateknologi, er ikkje nærleiken til kommunesenteret så viktig. Men at folk tenkjer likt om saker, og at politikarane kjenner innbyggjarane sine. Nærleik til tenester er viktig. Vi vil ikkje miste skular og eldreinstitusjonar. Folk i mindre kommunar er mest fornøgd med tenestetilbodet på dette feltet.

Har mobba venndølane

Ingen må undre seg over at Vennesla seier nei til å gå inn i ein storkommune samman med Kristiansand. Kristiansandarane har mobba venndølane i alle år. Politikarane i Kristiansand er ikkje rause. Nei, dei er seg sjølv nok. Deira agenda er å bli så stor at dei får storbytillegg. Men vil det hjelpe utkantane? Nei. Og blir det meir demokrati? Nei. Endå fleire vil kjenne på at ein ikkje har noko ein skulle sagt.

At Iveland nå tenkjer å gå samman med Vennesla, høyres for meg ut som ei god løysing. Samman er dei store nok når det gjeld folketal, og kulturskilnadene er ikkje store. Iveland kunne, for den del, også passa samman med Evje og Hornnes.

Nå er har politikarane i både Åseral og Bykle bestemt at dei vil halde fram som idag. Det er kommunar med berre godt og vel 900 innbyggjarar. Det er ikkje så rart, for dei har brukt rikdomen sin godt for innbyggjarane sine. Og om dei har hatt millioninntekter, og framleis vil få det, så er det mykje for ein liten kommune åleine, men det blir ikkje så mykje å dele på i ein større kommune.

Eit godt alternativ

For min eigen kommune meiner eg det forslaget med Åseral, Bygland og Evje samman, er eit svært godt alternativ. Dei geografiske avstandane det her er tale om, kan ein godt leve med.

Vi er landsens folk i alle tre kommunane, og trivs med det, så kulturskilnadene er ikkje så store. Evje står fram som eit regionsenter i vekst, og det trur eg vil gagne dei to andre kommunane. Desse tre var komen langt i å dele oppgåver mellom seg. Men det var før …….

For det alternativet ser eg ein ting som kan skape vanskar dersom det skulle bli sammanslåing. Åseral og Bygland har nynorsk som målform i administrasjonen, medan Evje er såkalla språknøytral. Det kan sikkert ein eventuell ny kommune også vere. Det er bare det, at vi veit så altfor godt kva det fører til å vere språknøytral. Kva for eit målføre er det som vinn då?