Eg vil gjerne oppklara eit par ting. For det første er ikkje HEF imot at det finnast kors på veggar, rundt halsar eller andre stadar. Dei er heller ikkje ute etter å fjerne julegudstenester, salmesong og anna kristeleg aktivitet. Det HEF vil, er å skape tilgjengelege seremonirom som ikkje er utsmykka i ei eller anna religiøs retning, samt lage juleavslutningar på skolane som alle kan delta i, uansett livssyn og tru. Det utelukkar ikkje at julegudsteneste kan finne stad, men det kan vere eit tilbod til dei som er interesserte i det.

Her kan du lese innlegget til Roar Pettersen

Når det gjeld julefeiring og dei aktivitetane som gjerne følgjer i så måte, er HEF ikkje ein motstandar av dette — det vere seg å ha juletre eller utveksle julekort. Det synest HEF er heilt greitt. Og forbundet er ikkje på nokon måte ute etter å straffe slike handlingar. Eg forstår ikkje heilt korleis Pettersen finn fellestrekk mellom HEF og eit sharialovgjevande samfunn. HEF vil ha eit fritt samfunn der alle samfunnsdeltakarar kan meine og tru det dei vil.