I eit innlegg her i avisa kommenterer Theodor Barndon Helland omfanget av fattige barn. Som så mange andre brukar han ein liten del av statistikken på dette området. Derfor kan det vere grunn til å sjå tala i ein større samanheng.

Andelen fattige gjekk ned under den raudgrøne regjeringa. Det blei stadfesta av faktasjekken i Bergens Tidende i sist valkamp. Det skjedde i ein periode der dei fleste andre land har opplevd større forskjellar og auka fattigdom på grunn av finanskrisa. Med vår opne økonomi og med EØS-regelverket er det krevande å skjerme seg mot slike internasjonale trendar.

Når det gjeld andel barn i familiar i relativ fattigdom så har vi hatt ein auke sidan årtusenskiftet. Den største auken hadde vi frå 2000 til 2005. Då auka andelen frå fem prosent til sju prosent. I 2012 var andelen på åtte prosent. Dei siste undersøknigane visar at auken skuldast at det er mange innvandrarbarn som lever i familiar med inntekt unde 60 prosent av medianinntekta. Det er ei svært alvorleg utfordring. Men vi kan ikkje møte dette problemet med å sortere ut dei mest tilpasningsdyktige kvoteflyktningane, slik dagens regjering har begynt med. Slik menneskesortering er uverdig.