Kristiansand kommune er inne i det største hamskiftet i moderne tid. I kommunale planer blir vi no omtalt som kundar, ikkje som brukarar og samfunnsengasjerte borgarar. I denne språklege endringa ligg det tunge realitetar. Kundar er opptatt av å få det beste for seg og sine. Borgarar er opptatt av å sikre eit godt tilbod for alle. Solidaritet og samfunnsansvar blir erstatta av individualisme. Forvaltaransvaret blir erstatta av marknadstenking. Samtidig har kommunen innført eit nytt system som fjernar brukarane frå dei som utfører tenestene. Eit sentralt organ, EBT, har fått ansvar for tildeling av kommunale tenester. Fagfolka som leverer tenestene, og som har den daglege kontakten med brukarane, er redusert til produsentar utan makt og ansvar utover å levere det EBT har bestilt. Tenestene må leverast etter spesifikasjonar og kan ikkje utviklast i ein dialog mellom brukar og tenesteytar. Dei som utfører arbeidet, får fokus på å tilfredsstille EBT, ikkje på å tilfredsstille brukarane. Bakgrunnen for omlegginga er eit ønskje om å organisere kommunen etter modell frå privat sektor og legge til rette for privatisering. Om fem til ti år kan 80 prosent av Kristiansand kommune vere privatisert eller fungere akkurat som private bedrifter. Det som gjer offentleg sektor forskjellig frå private bedrifter, er ei tett kopling mellom forvaltning og produksjon. Fagfolk som møter brukaren og kjenner behova, får vere med å bestemme korleis ressursane skal fordelast. Dei tilsette på alle nivå i kommunen får og tar eit samfunnsansvar. Basisen for denne organiseringa er tilliten til at dei tilsette brukar tildelte ressursar til beste for samfunnet. Eit opent system der media slepp til, og der politikarane diskuterer viktige verdispørsmål i det offentlege rom, er garantien mot misbruk av tilliten. Ved å sentralisere all forvaltning i EBT tar ein samfunnsansvaret frå dei som produserer tenestene. Dei må konsentrere seg om å levere det som EBT bestiller og å forhandle seg fram til gode kontrakter. Dette skaper unødig byråkrati og aukar dei administrative kostnadene. EBT vil etter kvart behandle dei ytre etatane som kommersielle bedrifter, og då er ikkje vegen lang til full privatisering. Fagleg innsikt og politisk styring blir erstatta av kompliserte juridiske avtaler og økonomiske modellar. Dei private bedriftene som etter kvart tar over, er gjerne store og tunge konsern som veit å presse kommunen økonomisk. Kompetansen på tenesteproduksjon forsvinn over til dei private selskapa, og kommunen som har ansvar for velferdsstaten, sit att med juristar og økonomar. Er vi sikre på at det er det beste grunnlaget for omsorg, ein god fordelingspolitikk og eit solidarisk og varmt samfunn? Privatisering og kommersialisering av tenestene vil etter kvart føre til eit klassedelt tenestetilbod. Private firma vil innføre ekstra ytingar mot ekstra betaling for dei som har råd. Etter ei tid kan dette føre til at den minstestandarden som kommunen betalar for, blir redusert. Folk vil prioritere skattelette for å kjøpe seg ekstratenester framfor å kjempe for eit betre kommunalt tilbod til alle. Dei aukande forskjellane i samfunnet vil med full tyngde slå inn i det kommunale tenestetilbodet og bryte ned den solidariske velferdsstaten. Rint teoretisk kan ein nok tenkje seg å privatisere offentlig sektor utan å introdusere eit slikt klasseskilje, men det er heilt utenkjeleg i praksis. Næringslivet vil vise stor kreativitet for å sikre seg inntekter både frå kommunane og frå brukarane. Dei private aktørane er dessutan flinke til å fråskrive seg ansvaret for dei vanskelegaste og mest ressurskrevjande oppgåvene. Kommunen blir sitjande att med dei tunge oppgåvene, og dei private skummar fløyta.Vi som stiller spørsmål ved dei nye organisasjonsmodellane, får ofte høyre at vi aldri legg fram konstruktive alternativ. I denne saka er det påviseleg galt. Dei fagorganiserte med full støtte frå venstresida i politikken gjekk inn for å gjennomføre eit omfattande organisasjonsprosjekt med vekt på delegasjon. Målet var å utvikle ein meir effektiv og ein meir brukarvenleg kommune. Kommuneforbundet fekk gjennomslag for ein spesiell metodikk som sikrar medverknad på alle nivå i organisasjonen. Omstillingsarbeidet hadde solid forankring og var godt i gang då leiinga pressa igjennom nye målsetjingar for prosjektet. Kommuneleiinga ville ikkje vere med på delegering utan at det samtidig blei innført innsatsstyrt finansiering og ein bestillar— utførarmodell. Dermed fekk vi EBT og sentralisering i staden for den delegasjonen som var utgangspunktet. Mange av dei forslaga som kom fram i det opphavlege delegasjonsprosjektet, blei lagt på is, og det skapte frustrasjon i organisasjonen. Omforminga av delegasjonsprosjekt til eit prosjekt for innsatsstyrt finansiering og etablering av EBT skjedde utan at dei politiske spelereglane blei følgt. Sist veke konstaterte kontrollutvalet i Kristiansand kommune at denne saka ikkje er handsama i samsvar med god demokratisk tradisjon. Organisatoriske og økonomiske modellar som er utvikla for privat sektor, får stadig sterkare innpass i offentleg sektor. I litteraturen blir denne trenden kalla New Public Management, NPM. Resultatet er mindre demokrati og dårlegare fordelingspolitikken. Politiske verdival og fordelingspolitikk passar ikkje inn i modellar som er overført frå privat sektor der slike spørsmål er irrelevante. Professor Øyvind Østerud som leiar den nye maktutgreiinga i Noreg, kommenterer NPM i sitt arbeid. Den totale mangelen på kritisk debatt om NPM er påfallande, seier han. Kristiansand er såleis i godt selskap når kommunen stuper inn i kommersialisering og marknadstenking utan politisk debatt. Rune Gerhardsen, som er kandidat til vervet som byrådsleiar i Oslo, er ein av dei få politikarane som har tatt opp desse spørsmåla. På landsmøtet i Ap hevda han at kommunane er i ferd med å endre seg frå å vere organisasjonar med demokratisk styre og sosialt ansvar til å bli kommersielle tenesteprodusentar. I følgje media sa han at han heller vil bu i Oslo by enn i Oslo leverandør. Kva så med Kristiansand? Har vi om ti år skifta ut Kristiansand kommune med Kristiansand butikk?