Frp kan ikkje få særleg gjennomslag for politikken sin fordi partiet har ein ytterleggåande ideologi, og politisk program, som ikkje er salgbar i Noreg — med sterk privatisering og konkurranseutsetting. Frp-politikarar ville i si tid tilmed selje dei norske oljerettane - for småpengar. Den 07. oktober 2015 sa finansminister Siv Jensen dette til Dagbladet: «Vi er nå det landet i OECD med høyest skattenivå». Dette synet er vanleg på ytterste høgre, og det er blank løgn! «I følge Verdsbanken har Noreg i realiteten den 14. mest gunstige bedriftsbeskatning i verda. Mellom europeiske land er Noreg på fjerde plass», og låg selskapsskatt aukar ikkje investerings-lyst blant dei rike.

Vår neste statsminister

Dernest har Frp i si regjeringstid sluppe inn fleire asylsøkarar til Noreg enn noko anna regjering i historia trass i den framandfientlege retorikken. Ein gong var det nordmenn som flykta - til Sverige, England og Canada. I dag den 10.02 gjekk innvandringsminister Sylvi Listhaug på eit skikkeleg nederlag i Stortinget på grunn av hennar hatefulle innstrammingar i asylpolitikken. Kjetil Solvik Olsen har lova pengar til firefelts veg frå Kristiansand til Ålgård. No krympar både pengane og vegen.

Frp-folk har aldri brydd seg om miljøet vårt, men no er Noreg pliktig til å følge «det grøne skifte» som FN-landa vedtok nyleg, og som Erna Solberg støttar. Endå eit skikkeleg nederlag! Kvifor så mange nederlag? Fordi Frp-flokken sit og vippar ytterst på den politiske skalaen, men dei veit visst ikkje om det...