Såkalte ekspertar på juss og liknande advarer mot å tenke med hjarta. Det øydelegg demokratiet, var det ein som sa i dag.

Jaja, så får det så vere.

Ser me på ordbruken, minner dette svært om tider me helst ikkje vil ha tilbake. Fleire land tek nå frå flyktningane det dei har med seg av verdi. Ein danske sa i dag at han ikkje hadde noko i mot å trekke gulltenner…

Då er me der. Då veit me kva me snakkar om. Så får nå jussen og demokratiet leve sitt eige liv.

Arbeidarpartiet får kritikk frå alle sider. Det kan eg forstå. Eg er sjølv overtydd sosialdemokrat. Men kva gjer Ap nå? Svært uklart.

Spørsmålet er nå om Ap vil miste venstresida i partiet eller dei som kan tenke seg å gå over til Frp.

Eg er ikkje i tvil om kva eg ville velje.