Ein småbarnsfar piskar den ulydige poden på blanke messingen med buksebeltet. Det blir stor ståhei i kongeriket og spaltemeter av kommentarar i avisene. Psykologar, sosionomar og oppsedingsguruar set skapet på plass. Tukt er ut. I dag er det politisk ukorrekt å påføre barn smerte eller ubehag, også på rumpeskalkane. Sjølv om den delen av skroget er godt polstra. Å slå med bibelbeltet er likevel hakket verre. For no må 10-åringane i Marnardal begynne å skjerpe seg, løfte seg sjølve etter håret slik at endelig nokon kan klare det som ingen generasjon før har klart. Vi må heie dei fram! La Marnardal endeleg få sin Guinnesrekord. Men rektor tok kvalifiseringskrava ned frå veggen.

IMG_0436.jpg

For kva hadde Abraham, Moses og David til felles? Svar: Dei klarte ikkje å halde «De ti bud». Dei var vel for klønete. Viss denne troikaen skulle ha blitt dømt etter Moselova, ville alle måtte bøte med livet. Mord, horing og løgn var dei godt kjende med. Dei levde i ei tid med ekstreme krav: Sanka du til dømes ved (!) på sabbatsdagen, ville du bli steina (4. Mos. 15, 32ff). Samme skjebne venta ein ulydig son som etter fleire åtvaringar framleis opponerte mot foreldra. Dei skulle ta han med til byporten så dei eldste kunne steine han (5. Mos. 21, 18ff).

Men Gud ga ikkje De ti bud som kompetansemål

«De ti bud» (eigentleg ei sammenfatning av hundrevis av til dels ekstreme formaningar) var det beste Gud kunne tilby i «gamle dagar». Då snekra han i hop ei mengd med bud og reglar som skulle gjelde midlertidig, på samme måte som når ein to-åring for ein avgrensa periode kan få ete middagen med fingrane. Kniv og gaffel kjem seinare. Alt har si tid. Men Gud ga ikkje De ti bud som kompetansemål, for at vi skulle klare å nå dei (og på den måten potensielt kunne gjere oss fortente til premie), men for å vise kor fullstendig håplaus situasjon vi er i. Å vise til eigne merittar ved Perleporten blir jo nettopp det som kvalifiserer deg til den andre porten, den utan perler.

Initiativtakarane til denne «Moses -opp-på-veggen -igjen»-aksjonen i august var visstnok ikkje «personlig kristne»

Moses og hans prosjekt var ein «skygge» av det som skulle komme og representerte «dødens tjeneste» (2. Kor. 3). _Ta ikke! Smak ikke! Rør ikke!_ Det var den gamle slager. Mange har av samme grunn fått kjerke og bibel og religion langt opp i halsen. Moselova var for jødane. Ikkje for oss. Ingen syndig kropp har til no klart å leve etter det som der står skrive. For vi drit alle på draget.

Initiativtakarane til denne «Moses -opp-på-veggen -igjen»-aksjonen i august var visstnok ikkje «personlig kristne», kva no ein slik etikett kan bety. Viss «forkynnelse» er å «rope ut et budskap», som ei av dei velmeinande mødrene i Marnardal hevda, kva så om ein bruker innestemme i klasserommet? Blir det då greit? Kanskje dette odiøse ordet «påvirke», for ikkje å snakke om ordsammenstillinga «påvirke små barn», snart kan bli stuereint og eit pedagogisk aktivum?

Jens Bjørneboe var ikkje redd for at små barn skulle bli påverka. «Dette med julen, f.eks, det er jo kristent. Dette er en påvirkning av barna. Selvfølgelig er det påvirkning. Men det er igjen livet og verden som påvirker dem. Kristendommen har preget to årtusener; den har skapt vår verdensdel, den har formet vår kultur. Å fortie at kristendommen er vårt grunnlag og vårt sentraleste kultur-eie, det ville være tendensiøst. Det ville være grov historieforfalskning.» ( En julebetraktning , Frå Samlede essays, Pedagogikk).

Bjørneboe hadde sitt perspektiv på dette. For eiga rekning vil eg oppfordre til å få Moses ut av klasserommet. Gi dei unge Jesus før kristendommen tar dei og religiøs steinkasting på nytt blir folkesport. I den generelle delen av læreplan for grunnopplæringa, står det at Oppfostringen skal baseres på grunnleggende kristne og humanistiske verdier (…) Skal ein ha ein synleg bibelreferanse i eit klasserom, er Johannes 3, 16 langt å foretrekke. Forklar heller elevane ved Øyslebø barneskule framandord som «Golgata», «evangelium», «frelse» og kor viktig det er «å få sitt navn skrevet i Livets bok». (Søndagsskulen strikes back.) Kom og drikk, utan betaling, vin og mjølk! La dei få meske seg på feite rettar. La eksistensielle overtonar få klinge med. Få barnas venn fram i lyset. Ikkje putt dette inn i eit «kott» eller «fag» som fragmenterer tilværet, i frykt for at «stoffet» skal utfordre. Himmel og jord heng i hop. Vi har nok av tørr teori som ikkje vil ha mold på fingrane. Ikkje rart at botanikk er det verste faget blomstene veit om.

Kanskje Moses er medsskuldig i at mange unge slit med angst, forventningspress og prestasjonskrav? Urovekkande mange tenåringar er suicidale. Er det så rart viss livet er meiningslaust og krav og forventningar ikkje er til å leve med? Det er strevsomt å lukkast for dei unge i dag. Der er så mange arenaer der du skal prestere, vegast, målast og samanliknast. Det er på tide å pensjonere Moses. Spar oss for that old time religion. Steintavler og fordømming er snøen som fall i fjor! I dag gjeld noko uendeleg mykje betre. Det kan bli godt å puste igjen! And no religion, too?