Reformatoren Martin Luther: «Fornufta er direkte i strid med trua. Difor må man la fornufta fare. Hjå dei truande må den vere død og gravlagt». Eksistensialisten og filosofen Jean-Paul Sartre om Bibelen: «Når gud alltid teier, kan man få ham til å sei kva som helst». Henrik Ibsen la ikkje fingeren i mellom, han heller: «Eg er ein heidning, og det er eg stolt av. Pass på, snart er alle heidningar». Ludvig Holberg var ein skrivande mann: «Å nekte folk i å framføre tankane sine, er å hindre oss i å finne sanninga». Den amerikanske statsmannen William Jennings Bryan trudde ikkje på den heilage boka: «Om så Bibelen hadde fortalt at det var Jonas som svelgde kvalen, ville eg ha trudd det». Den kjente norske filosofen Arne Næss meinte dette: «…viss ein engel flaug gjennom vindauga, ville eg kanskje byrja å tru, men ikkje før eg hadde gjort nokre undersøkingar. Eg ville mellom anna ha sjekka vengefestet på engelens rygg». Bjørnstjerne Bjørnson var neppe så truande som «Ja, vi elsker..» kunne tyde på: «Ingen stor diktar er kristen». Jesus skal ha sagt følgande: «Gå frå meg, dykk som er forbanna, bort til den evige eld». Og: «Den som ikkje er med meg, er mot meg».