Entusiastiske fastbuande og kreative eldsjeler — omkransa av unike bygningar og trauste, historiske tradisjonar - gjer bygda til ein magnet for feriegjester og fastbuande i heile dalføret. Den eine festivalen avløyser den andre, dugnadsånda blømer, og bygda får ein stadig tydelegare plass på kartet.

Annemor Sundbø

Vi som jamnlege brukarar av osekulturen og busette i lokalmiljøet undrar oss likevel over at ein lokalkjend journalist som Johs. Bjørkeli kan skildre og promotere kulturaktivitetane på Ose utan å trekkje fram den lokale og nasjonale kulturberaren Annemor Sundbø. I over 20 år har butikken hennar, Ose Ullvare, som ho kjøpte og starta opp i dei nedlagde lokala til Austad Handelslag, vore eit stort trekkplaster både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Enkeltpersonar, husflidslag og busslaster med strikkeentusiastar har gjennom åra funne vegen hit og gjeve bygda eit omdøme det står stor respekt av. I Storstoga har ho ei permanent kofteutstilling som vert send rundt omkring, både innanlands og utanlands, og som har vore ein stor inspirasjon for andre utstillingar i mindre format.

Matmarknaden

Ho var òg initiativtakaren til den første Matmarknaden i 1995, som etter kvart har utvikla seg til å bli ein stor suksess. Det er heller ikkje tilfeldig at Nordisk Strikkesymposium i år er lagt nettopp til Setesdal siste veka i juni, og ein del av programmet vil gå føre seg på Ose. Kontaktperson og koordinator for arrangementet er Annemor Sundbø. Vi er vel kjende med at Annemor gjennom åra har fått mykje omtale i media, både som statsstipendiat, forfattar, foredragshaldar og mottakar av Kongens fortenestemedalje. Likevel meiner vi at det burde det vere plass til henne i ein heilskapleg presentasjon av kulturbygda Ose.

Danseglade born

Som prikken over I-en hadde vi også gjerne sett at Austad leikarring hadde fått sin velfortente honnør i denne samanhengen. Danseglade born og ungdomar frå heile kommunen samlar seg kvar veke til øving på Grendehuset på Ose, og dei blir flittig nytta på dei ulike kulturarrangementa i og utanfor bygda. Gjennom ei årrekke har mødrene Irene Moe, Liv Åsne Austad Andersen, Ragnhild Sordal og Tove Heia vore leiarar for leikarringen, eit arbeid dei fekk Bygland kommune sin kulturpris for i 2014.