Svart står skogen

med ventande knoppar

skjelv mot ljoset

i vårsol og vind

bankar ei glede

ei lykke der inne

djupt i stammen

der kreftar rår ?

Stille står skogen

i vårtunge netter

spirande liv

under stjernene gror.

Stille står skogen

i vårtunge netter

spirande liv

under stjernene gror.

Ventande står skogen

i vårtunge netter

spirande liv under stjernene gror.