Framstegspartiet vil gjere sidemålet valfritt i dei vidaregåande skulane i Vest-Agder. Dersom hovudutval for kultur og utdanning støttar forslaget, vil det ramma nynorsken hardt. Ei prøveordning som Frp ivrar for er alt gjennomført og evaluert i Oslo. Ikkje noko tilseier at fjerning av sidemål har positiv effekt på opplæringa i hovudmålet. Snarare er det slik at meir språkopplæring og språktrening fører til at den samla språkkompetansen blir betre. Med bakgrunn i prestasjonane i norsk skule er det grunn til å være skeptisk til påstandar om at elevane sine kunnskapar blir betre dersom ein reduserer krava til kva dei skal lære. Er ikkje kunnskapane gode nok i nynorsk, bør ein vel som i andre fag stille større krav, og ikkje færre.