Var dette ei gåve frå sonen, Oscar, til byen ho alltid lengta attende til? Truleg var dette ei av drivkreftene bak Oscar sitt arbeid i å skape parkar vanleg folk kunne gå og nyte vakre blomar og plantar.

Alette skriv følgjande til Oscar i 1842: Aldrig det lille Fortryllende Stæd, hvor Du nu har Din Elskede Pige boende, udslættes af min Erindring; det var de lykeligeste Aar af min Levetid, som jeg tilbrakte der. Maaske det var en Anelse at Din Lykke, kjære Oscar, skulde udspringe og blomstre der. Oscar gifta seg i Kristiansand i 1844 med Alette Sem, dotter til stiftamtmann Niels Sem.

Fekk fem barn

Alette Thaulow møtte Nicolai Wergeland i Det dramatiske Selskab i 1805. Dei gifta seg i 1807. Far hennar var by og rådstuskrivar Henrik Arnold Thaulow. Alette og Nicolai fekk fem barn, Henrik 17. juni 1808, Augusta 13. april 1810, Harald 1. mai 1811, Camilla 23. januar 1813 og Oscar 17. november 1815. Når ektemakar ikkje brukar prevensjon er det til vanleg to år mellom barna. Alette og Nicolai følgjer stort sett dette. Men så er det plutseleg heilt stopp med å få barn. Kvifor? Alette var berre 35 år då ho fekk Oscar. Normalt skulle ekteparet fått to til tre fleire barn. Kva skjedde?

Nicolai Wergeland vart utnemnd til prest på Eidsvoll i 1816. Familien flytta til Eidsvoll i 1817. Prestegarden på Eidsvoll var stor, svært stor etter norsk målestokk. Presten og kona var dei som styrde denne garden. Omstilling frå Kristiansand til Eidsvoll må ha vore svært stor og vanskeleg for Alette. Byjenta, Alette, var kone på ein storgard som låg i innlandet på Austlandet. Alle som har vakse opp ved sjøen, likar seg best der dei kan kjenne sjølukta. Alette var van med å ferdast i eit sosialt overklassemiljø i Kristiansand. På Eidsvoll var det korkje sjøluft eller nokon stor overklasse. Ho lengta resten av livet attende til Kristiansand. Var det denne lengten som gjorde at samlivet mellom Nicolai og Alette tok slutt?

Tett til faren

Camilla fortel at mora las romanar og la seg tidleg. Tause sat Alette, Nicolai og Camilla ved måltidene.

Jenter kan knyte seg tett til faren og gutane til mora. Nicolai tok seg uvanleg godt av Camilla. Camilla kom ikkje godt utav det med mora. Alette fekk eit nært forhold til Oscar. Var det derfor han vart den mest harmoniske av barna? I eit brev skriv ho: Lev nu vel min kjære, gode Oscar. Du er nu som altid erindret med Ømhed og Kjærlighed af Din Moder.

I fellesskap dyrka dei blomar og planter. I eit brev frå 1843 skriv Oscar mellom anna dette til mora: Hvordan går det med mine Afleggere? Ere de saavidt at jeg kan faae dem herind eller bør de blive Vinteren over hjemme? Jeg har lagt mig til en heel deel Planter, mest Aflæggere;

Fråverande og veik

Nicolai og Alette let barna utfalde seg rimeleg fritt mens dei budde på Eidsvoll. To av dei, Henrik og Camilla, vart forfattarar og dei har pryda pengesetlar. Oscar og brorsonen til Nicolai, Harald han vaks opp på Eidsvoll, var generalar.

Alette er ofte skildra som fråverande og veik, men det kan ho ikkje ha vore. Utan ein god barndom kunne ikkje Henrik, Camilla og Oscar gjort slike framifrå liveverk som dei gjorde. Ein kan samanlikna dei med barna til Karoline og Bjørnstjerne Bjørnson. Desse barna kunne ikkje stå på ski. Bjørnstjerne hadde ikkje sagt at dei skulle lære seg det. Dei to yngste gutane deira, var medlemmer av NS under krigen.

Oscar kom til Kristiansand i 1859. Då var både mora og kona døde. Var det for å skape eit minne om dei, han lagar Ravndalen, planta i Baneheia og laga Wergelandparken?