Ebbe Boel Pedersen skriv følgjande her i avisa. «Hvis Leiv Torstveit mener hans fantasifortelling om vesle Per i Fædrelandsvennen har noe som helst med KrF— skolen å gjøre, burde han lese KrF- programmet framfor å skrive eventyr».

• Eg vil be om at Ebbe Boel Pedersen tek ein telefon til Oppvekstdirektøren og PPT og svare på følgjande:

• Er det fantasi når elevar må vente om lag eitt år før dei får ei ferdig utgreiing frå PPT?

• Er det fantasi når foreldre blir oppmoda til å gå til lege med eit friskt barn for at det rykke fram i køen hos PPT?

• Er det fantasi at slike barn mistar eitt år på å få den hjelpa dei har krav på?

• Er det fantasi å meine at pengane som går til kontantstøtte, kunne blir brukte på svake elevar?

• Det er fantasi at det som står i KrF- programmet, er slik skulen fungerer i dag.

• Det er fantasi å fortelje at KrF alltid forsvarar dei svake barna.

• Og det er trist at KrF ikkje vil hjelpe elevar til å få den hjelpa dei har bruk for.