Sentraladministrasjonen skal vera i Vennesla og kommunen skal heita Vennesla. Reaksjonen var sterk, basert på kjensler, subjektiv… Nokon seier kjensler ikkje er argument i debatten om kommunesamanslåing, noko eg meiner er tøys! Å vera glad i staden ein bur på er viktig for identitet, innsats i nærmiljøet. Trivsel og helse heng nøye saman. Subjektiv kjensle er ikke alltid klart faktabasert, men ringverknader har det på godt og vondt. Jungeltelegrafen er ofte beste reklamen ein kan få, og den er både fakta og kjensler! Dette innlegget er subjektivt og kanskje fullt av feil, men eg tek sjansen!

Ein innlandskommune

Kvifor eg ikkje vil vera venndøl: Iveland er slik eg opplever det ein kommune der jord-, skogbruk og gruvedrift har vore viktig. Iveland er ein innlandskommune, historisk og kulturelt meir retta mot Evje og Hornnes enn mot Vennesla. For meg er Vennesla mykje meir ein industrikommune, retta utover mot kysten og Kristiansand. Sørgrensa mot Kristiansand går nær Mosby, ca 3,5 mil (?) frå Birketveit i Iveland. Geografisk blir Iveland utkant i ein utvida Vennesla kommune og med 1315 innbyggarar mot Vennesla ca 14.300 vil Iveland ha ca 8 % av det samla folketalet. Kva dette vil føra med seg for demokratisk arbeid og treningsrom for framtidige politikarar er ei sak for seg!

Les også :

Eg vil vera ivelending, vil framleies ha kontakt med sentraladministrasjon og politikarar i kommunen ca 2.5 km frå der eg bur, vil ikkje måtta køyra ca ein time t/r kvar gong eg vil ha personleg kontakt med dei. Eller med NAV... Telefon og epost kan nyttast, men ikkje alltid! Det blir auka bilbruk, auka forureining, og truleg nedgang i handel i kolonialbutikkar i Iveland.

For meg er Vennesla mykje meir ein industrikommune, retta utover mot kysten og Kristiansand

Eg vil vera ivelending, og gjera friviljug innsats i eit nærmiljø eg kjenner. Frå regjeringa er det, ikkje minst når det gjeld kulturtiltak, lagt opp til auke av friviljug innsats. Mange gjer stor innsats slik i Iveland. Skal dette bli meir byråkratisert, gå gjennom ein administrasjon som har flytta ut frå nærmiljøet, trur eg at min motivasjon og glede over arbeidet vil minska.

Fordel å bu i nærleiken

Vi har gode sosiale tenester i Iveland. Kjem «eldrebølga» kan det kreva meir av venner, familie. For eldre heimebuande og dei som er på eldreheim/sykeheim vil besøk som bryt isolasjon og hjelper mot einsemd truleg bli endå viktigare enn nå. Då er det ein fordel å bu i nærleiken, kjenna miljøet den (forvirra) eldre kjem frå, ikkje måtta bruka timar på reise for å gi hjelpa.

Eg vil vera ivelending. Det er ein god stad å bu.

Som innflytta ivelending er eg imponert over, og glad for, den spanande utviklinga av Åkle og sentrumsfunksjonen på Birketveit. Dette må halda fram! Det er satsa stort både med offentlege og private tilskott og tiltak, og Åkle blir vist til som godt eksempel på landsbyutvikling i ein mindre kommune. Eg er redd utviklinga av Åkle vil stagnera dersom rådhuset blir tømd for kommunale funksjonar og og alle ringverknadane det har for forretningane og busetnaden på Åkle. Det kan i verste fall også føra til fråflytting frå kommunen om sentrum blir mindre levande enn det er nå.

Eg vil vera ivelending. Det er ein god stad å bu. Eg trur mange med meg vil gjera ein ekstra innsats for å halda på Iveland som eigen kommune.

Gi frå seg makt

Uansett er det viktig nå at alle stiller spørsmål, seier si meining på folkemøta og deltek i folkeavstemminga. Det verste som kan skje i denne prosessen er at heimesitarpartiet blir stort! Ingen må tru at eiga meinig, eigne kjensler ikkje har verdi, eller at det ikke nyttar likevel. Utan at den enkelte engasjerer seg kan det ikkje bli gruppepress. Og nyttar ein ikkje stemmeretten er det å gi frå seg makt og eigenleg også å mista «rett» til seinare å kritisera resultat og vidare utvikling Det hadde vore moro om Iveland kunne verta på topp i deltaking i den type folkeavstemmingar som så mange kommunar nå gjennomfører.