Overskrifta gjev debatten ei vending som ikkje kjennest god. Å skulde nokon for å vere inhuman er ein sterk karakteristikk som flytter blikket bort frå sakleg meiningsutveksling til diskreditering av dei med andre synspunkt.

Flertallet av biskoper

Så til innhaldet i innlegget. Det blir hevda at «det ligger mye grundig teologisk arbeid bak det endrede syn flertallet av biskoper for en tid siden kom fram til». Dette er ein påstand som eg gjerne vil få dokumentert. Etter å ha pløgt meg gjennom mykje av det som har kome frå biskopar, frå kyrkja si lærenemnd og diverse arbeidsgrupper kan eg ikkje finne grunnlag for påstanden. Kyrkja si lærenemnd hadde homofilispørsmålet oppe som sak i 2005-2006. I skriftet «Skriftforståelse og skriftbruk med særlig henblikk på homofilisaken» gjer nemnda greie for innhaldet og forståinga av bibeltekstane som omhandlar homofili.

Utfordrar Schmidt og Takle

Sjølv om ein kjem til ulik konklusjon når det gjeld i kor høg grad kyrkja i dag er forplikta på Bibelen sitt syn, så er dei samde om forståinga av kva tekstane seier, og dei konkluderer _: «Det er enighet i nemnda om at disse tekstene etter sin ordlyd er klart avvisende til homoseksuelle handlinger, og at de ikke bare er rettet mot kultisk prostitusjon, pederasti eller homofili. De språklige uklarheter som ennå måtte foreligge i disse

tekstene, gir ikke grunnlag for å trekke noen annen konklusjon.«_ Eg utfordrar difor Schmidt og Takle til å hjelpe oss med å finne dette teologiske arbeidet, som til og med skal vere grundig. Utan heng påstanden i lufta. Det vert ofte hevda at vi har å gjere med to vel grunngjevne syn. Førebels er det berre ein påstand.

Så til eit anna debattknep. Å føre inn omsynet til borna kompliserer og tildekkjer vert det hevda. Sjølvsagt er det meir behageleg å late att augo for det som ikkje høver inn i ein glatt argumentasjon. Men no er det sjølve lovverker som fører inn dei kompliserande element. Å definere ekteskapet kjønnslaust, med like rettar til adopsjon, sæddonasjon m.m. dreg etter seg mange etiske problemstillingar og dilemmaer som vi byrjar å ane konsekvensane av. Mor-far-barn-relsjonen er broten opp. Å separere desse problemstillingane, som lova koplar, er etter mi meining uetterretteleg.

Liturgi

Når kyrkje blir beden om å medverka ved inngåing av ekteskap etter den nye lova, så høyrer alt dette med i det ein «velsignar» til. Då kan kanskje ordet inhumant vere på sin plass. Det er vanskeleg å tenkje seg ein liturgi som ikkje pustar og andar i det åndelege romet som Bibelen opnar, der vi møter Guds rike kjærleik, og dei ordningar som Han knyter sine lovnader til.