Syner til Fredagskommentaren i Fædrelandsvennen 22. mai.

Lokal styring av store verneområde kom som ei følgje av den kraftige støyen og motstand staten møtte ved å bandleggje store areal etter Naturvernlova. Enten som Nasjonalparkar, dette stort sett på statleg grunn eller som landskapsvernområde. For å imøtekome den lokale motstanden fremja miljø— og energikomiteen på Stortinget at SVR skulle verta forsøksområde for lokal medverknad og medbestemming. Dette vart seinare vedteke av Stortinget i 1996. Allereie her skal ein merke seg at initiativet om forsøk med lokal forvaltning av store verneområde, og desentralisere verneforvaltninga, ikkje kom frå Direktoratet for naturforvaltning, men frå Stortinget etter lokalt initiativ. Seinare vart det oppretta liknande forsøk for Dovrefjell nasjonalpark, Forelhogna nasjonalpark og Båfjell/Skjekerfjella nasjonalpark.

Det som var ein vesentleg forskjell i verneforskriftene i SVR og dei andre forsøksområda var at i SVR vart det ikkje lagt til grunn eit tradisjonell definisjon av driftsbygning, lik den i plan- og bygningslova, men at også jakt og fiskebuer vart definert som driftsbygning. I verneforskriftene er det og rom for utvidingar og nybygg, derfor er det gjeve nokre høve til dette. Elles ligg det og eit hytteområde i Sirdal innafor vernegrensa som skaper litt spesielle forhold. Dei som er interessert bør lese foredraget om departementet si saksutgreiing, i forkant av regjeringa sitt vernevedtak.

SVR er eit landskapsvernområde som strekk seg over 2400 kvadratkilometer i tre fylke og åtte kommunar. Området er ein del av leveområdet for den sørlegaste villreinstamma i Europa. Ingen verneområde i Noreg er så prega av fysiske inngrep i naturen, dette gjennom ei storstilt vasskraftutbygging frå 1960-talet og frametter. Dette gjer at omlag 90 prosent av vasskraftpotensialet er bygd ut. Ein annan stor aktør i området var (og er) Forsvaret. Området er øvingsområde for lågtflyging for Forsvaret og NATO sine jagarfly. Området ligg nære Sentral-Europa og det er ideelt å kome frå kontinentet innover Listalandet og vidare inn i SVR og så returnere til basane i Europa.

I arbeidet med forvaltningsplanen vart det eit stort tankekors for oss som dreiv arbeidet frametter at det Direktoratet for naturforvaltning la vekt på og framholdt som den store trusselen mot verneformålet var, enkeltløyver for motorisert ferdsel på snødekt mark og utviding av eksisterande buer med 7 kvm. Det som arbeidet med forvaltningsplanen avdekka, var at truslane mot verneformålet ikkje kom frå dei små lokale tiltaka, men frå Forsvaret og kraftselskapa si verksemd i området. Forsvaret ynskte ikkje å take omsyn til villreinen og villreinen si kalvingstid. Forsvaret hadde inga forståing for at dei ikkje kunne drive lågtflyging (60 m over bakken) 14 dagar etter at reinen hadde kalva. Det utrulege er at Direktoratet for naturforvaltning støtta Forsvaret og ikkje den lokale forvaltninga (kommunane) som ville og fekk stoppa Forsvaret si øving. DN har ikkje enda endra verneføresegna når det gjeld forbod mot lågtflyging i SVR.

Kraftselskapa i området trudde og dei kunne halde fram si verksemd som før vernevedtaket når det kom til tiltak i området, dette vart og støtta av DN. Styret i SVR reiste fleire prinsipielle spørsmål. Eit var når eit område er bandlagt etter Naturvernlova må denne ha forrang framfor Vassressurslova ved motstrid. Å få ei avklåring på dette var heller ikkje DN interessert i.

SVR vart etter kvart eit hår i suppa for DN. SVR forstyrra det hierarkiet som framleis er i norsk forvaltning, Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning underordnar seg alltid Olje og energidepartementet og Norsk vassdrags- og energidirektorat sine interesser. Får DN bort den lokale forvaltninga håper dei i større grad å sleppe å få hår i suppa.

Styret i SVR tok og initiativ når det gjaldt villreinforvaltninga. Dette ut frå at det i dag er kommunane som forvaltar hjorteviltet bortsett frå villrein, her har DN (staten) ansvaret. Det prinsipielle spørsmålet vi reiste var at i dag ser ein ikkje arealforvaltninga (villreinen sitt leveområde) i samanheng med stammeforvaltninga. Ved å gje ansvaret til det interkommunale samarbeidet i SVR meinte vi at ein ville få ei betre samhandling mellom arealforvaltning og stammeforvaltning av villreinen. Dette var for DN verre enn å banne i kyrkja. Men det er godt å sjå at i arbeidet med Villrein og Samfunn vert denne tanken frå SVR ført vidare.

Der den lokale forvaltninga har merka seg positivt ut er ved å setje spørsmålsteikn ved dei store aktørane til dømes kraftselskapa og Forsvaret si rolle i område. Dette viser DN stadig at dei ikkje klarar. Den lokale forvaltninga samtalar og godt saman med turistforeiningane, Statskog og andre meir lokale og regionale aktørar i området. Det som er og alltid vil vere lokal forvaltning si store utfordring, er dei heilt lokale sakene som gjeld nabo og andre innbyggjarar i eigne kommunar.

Det at DN finn negative ting å setje fingeren på i høve til lokal forvaltning er ikkje oppsiktsvekkjande. Det er heller ikkje oppsiktsvekkjande at DN gjeng inn for statleg forvaltning i staden for lokal forvaltning. Det er heller ikkje overraskande at den forvrengjer lokale vedtak. Det er i tråd med tradisjon i norsk byråkrati å ikkje leggje makt ut på kommunenivå. Her er Oppgavefordelingsutvalet og Regionreformen gode døme.

Det som er oppsiktsvekkjande er at styret (ordførarane) i SVR gjeng inn for at fylkesmennene skal vere klageorgan for vedtak gjort av den lokale forvaltninga. Ved dette vedtaket har dei gjort det DN ønskjer, å tilbakeføre forvaltningmyndigheiten til staten. Utan at klagemynde ligg på folkevald nivå, vert lokal forvaltning meiningslaust.