H/Frp vil selja havet og bedriftene, men ikkje fiskarane. H/Frp vil selja Flytoget, SAS, Mesta, Entra og nedsal av Telenor og Cermaq, utan at vi manglar pengar. Rein ideologi. Frp lova å fjerna vegbommane, men det er blitt fleire. Frp lova å redusere byråkratiet, men det er blitt større. Frp lova å sette mulla Krekar på første fly ut, men han fins i landet. Frp går hardt inn for marknads-liberalisme, medan OECD har snudd i saka! Regjeringa vil privatisere og sentralisere og skape press i sentrale strøk og fråflytting frå distrikta. Det er dyrt fordi folk må reise frå bustad, skule, butikk, vegar for så å bygge alt oppatt i sentrale strøk. H/Frp senkar skattane til dei rike, særleg i Oslo-området. Talet på politidistrikt vil bli halvert, færre lensmannskontor. Den nye politireforma er bakvendt. I vårt vesle land vil H/Frp lage mange private jarnbane-selskap. Det høyres underleg ut. Berre England og Sverige har prøvt på det i Europa.