Martin Skjekkeland
Martin Skjekkeland

Kjersti Wictorsen Kolahar undersøkt bruken av radikale og konservative bokmålsformeri eit stort tekstmateriale frå 1985 til 2014. Tekstane representerer språket i aviser, lærebøker, romanar, bloggar, tidsskrift og NRK-språk. Former som kasta og frakta (i fortid av verb) eksisterer mest ikkje. Det er også like vanleg å skriva frem som fram . Mange skriv ben , ikkje bein , og dei skriv syv for sju . Forma uken har i stor mon erstatta forma uka , og former som jorden og solen er vanligare enn jorda og sola ! NRK-språket er unntaket. Der dominerer a-formene.

Mykje av 1900-talet var prega av ein språkpolitikk som gjekk ut på å få fram eit bokmål som bygde på norsk folkeleg talemål i bygd og by.

Når ein ser dette resultatet, kan ein undra seg over kva som har skjedd. Mykje av 1900-talet var prega av ein språkpolitikk som gjekk ut på å få fram eit bokmål som bygde på norsk folkeleg talemål i bygd og by. Det var både ein nasjonal og ein demokratisk tanke at folk skulle få bruka (og finna att) dialektformene sine (t.d. a-formene) i skriftmålet.

Ivra for å få til ei samansmelting av bokmål og nynorsk

Utgangspunktet for norsk bokmål er som kjent dansk skriftmål på 1800-talet. Frå 1907 og framover vedtok Stortinget fleire store endringar i bokmålet med tanke på å gje det eit norsk preg — med norsk talemål som mønster. Utover på 1900-talet var det fleire sentrale personar i norsk kulturliv som ivra for å få til ei samansmelting av bokmål og nynorsk - og også få til ei radikal fornorsking av bokmålet! I språkreforma som følgde i 1917, var samnorsk-tanken sentral. Bokmålet skulle også fornorskast med utgangspunkt i «norsk folkemål». Former som folk hadde i sin dialekt, fekk nå plass bokmålet som alternative former, ord som rypa, bjørka, boka, brygga, gryta, leksa og stranda osb. Norske diftongar kom inn i hauk, eik, gaupe, bein, lauv og andre.

Språksaka var viktig for arbeidarane

Halvdan Koht (1873-1965)blei ein viktig ideolog i Arbeidarpartiet frå 1921 og utover. Han såg på språkspørsmålet som ein del av klassekampen i samfunnet. «Striden for folkemålet er kultursida av arbeidarreisinga,» sa Koht. Han argumenterte sterkt for at bokmålet måtte ta grunnlaget sitt i «norskgrodd folkemål». Språksaka var viktig for arbeidarane, hevda Koht, fordi avstanden mellom talemålet deira og den offisielle skriftforma var ei hindring for den vidare utdanninga deira. I tråd med Koht sine tankar vedtok Stortinget i 1938 ei stor språkreform. Etter mønster frå dialektane på Austlandet og norsk talemål generelt blei det innført obligatorisk a-ending i 900 hokjønnsord i bokmålet! Ein skulle nå skriva døra, sola, senga, skåla, nåla, øksa, arbeidsløysa, framstellinga, sanninga, sjølberginga osb. Vidare skulle det heita alle beina, golva, barna, dyra, garna, trolla, fjøsa o.a. Valfridom blei det mellom fortidsformene kasta og kastet, frakta og fraktet osb. Norsk diftong blei obligatorisk i ord som eik, einer, hauk, geit, lauv, reip, røyk, øy, kløyve o.a. Bokmål kunne etter 1938 skrivast slik: Ho spurte kor han hadde henta mjølka denne veka, Denne hausten har barna hoppa ut av senga for å se på dyra.

Reaksjonar på dei radikale formene

Etter krigen kom det frå Riksmålsforbundetog frå det konservative politiske miljøet sterke reaksjonar på dei radikale formene som var blitt innførte i bokmålet (samnorskformene). Folkemålsformene, særleg a-formene, blei skjelte ut for å vera «vulgære og stygge», og verka som stilbrot. Me fekk nå også «Foreldreaksjonen mot samnorsk». Samla sett førte desse reaksjonane til at fornorskingsprosessen stansa opp. I året 1981 blei det vedteke at det i lærebøkene (og i NRK-nyheitene) på nytt var tillate å bruka konservative bokmålsformer som solen, bygden, dyrene, frem, sen, en gren, en bjerk, en mave osb.

Undersøkinga til Wictorsen Kola (sluttført 2014) viser at radikale bokmålsformer, som altså svarer til dialekten til dei aller fleste nordmenn, er lite brukte. Fem av seks tekstar er på konservativt bokmål. Det synest i dag ikkje viktig for ein bokmålsskrivar å nytta sine eigne fullt tillatne dialektformer (t.d. a‑former) i skrift.

Ho trur at a-former og diftongar blir assosiert med munnleg språk.

Kjersti Wictorsen Kola drøftar kvifor radikale former er så lite brukte i dagens bokmål. Ho trur at a-former og diftongar blir assosiert med munnleg språk. Dei radikale formene kan også bli forbundne med austnorske flatbygd-dialektar, som historisk sett har hatt «en lavere status enn andre dialekter.» Mange som skriv, tek også omsyn til forventa mottaking av språket i teksten. Er dei usikre på mottakaren sit syn på radikale former (t.d. a former), eller tvilar på hans/hennar kunnskap om radikalt bokmål, kan det føra til at dei brukar konservative former for å vera «på den sikre sida». Fleire vil hevda at i typiske skriftspråksituasjonar er eit «nøytralt» (konservativt) bokmål best eigna, seier Wictorsen Kola.

Personleg identitet og talemålet

Det er i fagmiljøet liten tvil om at det er ein nær samanheng mellom personleg identitet og talemålet til eit menneske. Granskinga frå 2014 tyder på at det er heller svake band mellom personleg identitet og val av skriftformer! Ein skulle tru at ein bokmålsskrivar ville bruka dei tillatne a-formene og diftongane for å gje skriftmålet eit personleg preg. Men denne tenkinga ser ein få eksempel på i det analyserte materialet. For ein nynorsk-skrivar er det annleis. Berre det å velja nynorsk som skriftmål, er ei personleg sak. Ein nynorskbrukar vil som regel også velja dei formene i nynorsknormalen som passar best til det talemålet han/ho brukar. For dei fleste bokmålsbrukarar derimot, kan det sjå ut til at skriftspråket er eit nøytralt kommunikasjonsmiddel som lever sitt liv uavhengig av dialekten/talemålet til den som skriv.