Målsettinga med framlegget er tydelegvis å straffe kommunar økonomisk dersom dei held fram å vere «frivillig» små. Det var som venta frå ei blåblå regjering som har blind tru på stordriftsfordelar og ønsker sentralisering.

Les også: — Pisken kommer på plass

Sanner har tatt fram pisken

Jan Tore Sanner snakka lenge om frivilligheit, men no har han tatt fram pisken. Det nye systemet bygger på at kommunar med kort avstand til å nå 5000 innbyggere skal få mindre pengar for å stimulere, eller piske, til samanslåing. Det såkalla ekspertutvalet konkluderte i 2014 med at ein kommune burde ha eit folketal på minst 10.000 - 15.000. Og kommunar landet over sette i gang utgreiingar og samtalar om kommunestruktur på det grunnlaget. Men mange har jobba i blinde, for no har regjeringa stramma grepet. I eit notat frå KS den 14. januar heiter det: «Det er kommuner på over 20.000-25.000 innbyggere og kommuner under 3000 innbyggere som tjener på det nye forslaget på strukturkriterium. Det er verdt å merke seg at det i nye forslaget så taper alle kommuner med innbyggere mellom 10.000 og 20.000 på forslaget, mens det er de største kommunene som kommer best ut.» Dermed vil kommunar utan smådriftsulemper, men under 20.000 innbyggere tape på det nye kriteriet.

Får mindre penga

Nær 60 kommunar med 10.000-20.000 innnbyggere får mindre pengar. Denne gruppa av kommunar vil årleg tape 234 millionar kroner, ifølge KS. Vennesla med 14.000 ib vil miste ca. 5 mill. kr. Sp og Ap er negative til endringane, ikkje minst til at spelereglane blir endra undervegs. Aps kommunalpolitiske talsperson, Helga Pedersen, sa nyleg at dette «er et udemokratisk angrep på frivillighetslinja i kommunereformen». Rådmann Svein Skisland har lagt fram ei god utgreiing til kommunestyret. Han er «sterkt kritisk til tidsaspektet og saksbehandlingen i denne saken.» Det er uheldig å kople ei dramatisk omlegging av dagens inntektssystem opp mot regjeringa sitt ønske om store endringar i kommunestrukturen.

Regjeringa skal fremme endeleg opplegg i kommuneproposisjonen medio mai, mens kommunane må ta stilling til framtidig kommunestruktur innan 1. juli. Rådmannen saknar den vanlege prosedyren med vurderingar og konsekvensutgreiingar i eit NOU, høring og så melding til Stortinget. «En slik åpen og demokratisk prosess legges det ikke opp til denne gangen. Forslagene er utarbeidet i en ren sentralpolitisk prosess i Regjering og Kommunaldepartement.» Det er lett å slutte seg til dette.