Men kunnskap er berre eit verktøy som kan bli brukt til det gode eller det vonde. Skulelova har ein paragraf som begynner slik: «Føremålet med opplæringa». Og så fortel paragrafen kva kunnskapen skal bli brukt til: «Opplæringa skal byggje på grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og miljø.» Og så nevner paragrafen slike verdiar, verdiar som også er forankra i menneskerettane. Det går klart fram av formålsparagrafen at lærarane ikkje berre er formidlarar av kunnskap, men dei skal også vera oppdragarar.

Formålsparagrafen har i liten grad vore framme i den skuledebatten vi har hatt i samfunnet. Formålsparagrafen er så viktig at den bør henge på veggen i kvart einaste klasserom.

Eit hefte med menneskerettane bør det også vera i kvart klasserom.