Han nemner særleg tre grupper; studentar, lærarar og journalistar. Fædrelandsvennen følgjer opp saka tre dagar seinare. Avisa skriv mest om studentar, men lærarane får også sitt. Journalistar står det ingenting om.

Etter få minutt med lesing av dei første sidene i Fædrelandsvennen 10. januar har eg registrert følgjande språkblomar:

«Kirurgisk klinikk har nest flest ikke-møtte med 4800 og medisinsk klinikk med 4700 brutte avtaler i fjor.»

• «---— uteblir langt sjeldnere til avtaler.» (Ein uteblir frå ein avtale.)

• «--- han nekter straffskyld.»

• «Han tok også til ordet for å få til nyrekruttering». (Det heiter til orde )

• «Måten dette skjedde på har vært både menigsløst og helt unødvendig, --». (Hankjønnsordet måte kan ikkje vere «meningsløst».)

I omtalen av tre typar øl frå Lindesnes Brygghus ser det ut til at den første er hankjønn (omtalt som «den»), medan dei to neste er inkjekjønn (omtalt som «det»). Men i neste avsnittet har den tredje skifta over til hankjønn.

Lomheim peikar også på sviktande kunnskapar om kommareglar. Det er atskillege døme på dette i den aktuelle utgåva av Fædrelandsvennen. Eg avgrensar meg til eitt illustrerande sitat:

«Når det gjelder Torgny har han en meget direkte måte å kritisere andre på.»

Eg ser fram til at Fædrelandsvennen følgjer opp med eit kritisk blikk på norskkunnskap blant journalistar, derunder dei som held til i eige hus.