Det er stort sett semje om at det er pris og tilgjengelighet som bestemmer kor mykje alkohol som blir brukt. Politikarane kan bestemme dette. Enda alkoholen er samfunnets største problem, er det ikkje eit einaste parti som satsar på radikale tiltak for å redusere alkoholbruken. Det er likevel stor forskjell på partia. Frp vil ha billigare alkohol, og alkoholen skal vera lett å få tak i. Ap vil ha dyr alkohol og visse restriksjonar på salg og skjenking. Ein skulle tru at alle dei politiske partia ville konkurrere om kva som er det beste tiltaket for å minke alkoholbruken. Men radikale tiltak kunne føre til at færre ville stemme på eit slikt parti.

Det negative

Det er eit tiltak som ikkje har vore til debatt. Den som har den heile kunnskapen om alt det negative som fylgjer med alkoholbruken, vil velge ikkje å bruke alkohol, eller å bruke alkohol i små mengder. Elevane i grunnskulen og i vidaregåande kan få kunnskapen om alt det negative som fylgjer med alkoholbruken. På alle klassetrinn må alle elevane delta i eit kurs som gjev kunnskap om alt det negative som fylgjer med alkoholbruk. Når alle får ein slik kunnskap, kan dei ikkje kreve hjelp frå samfunnet dersom dei får problem fordi dei har brukt alkohol. Elevane er der, vi treng berre ressurspersonar som kan sette prosessen i gang.

Elevane treng også kunnskap om negative fylgjer av tobakk og narkotika. Så lærarane kunne gjeva kunnskapen om negative fylgjer av alkohol, tobakk og narkotika.