Eldre kommunale arkiv frå Flekkefjord og Sirdal i vest, til Åseral i nord, Lindesnes i sør og Kristiansand i aust er no samla i Kristiansand. Dei er trygt oppbevarte i arkivmagasina i Interkommunalt Arkiv i Vest-Agders (Ikava) lokale på Prestheia i Kristiansand, og er tilgjengelege for bruk på lesesal.

Her finn du gamle protokollar og dokument som kan fortelja om kva som rørte seg i ditt lokalsamfunn for nesten 200 år sidan. Dette er ein oase for lokalhistorikarar som er interesserte i til dømes offentlege bygg og vegar, regulering av byar og hamner. Ein lokal innfallsvinkel til historia kan gjera at historia kjennes viktigare, nærmare og meir levande. Kva slags oppgåver måtte den kommunale fattigkassa ta seg av, og kven var dei trengande? Mange kjenner lite til denne nære historia frå sin eigen kommune.

I kommunale arkiv finst også informasjon om enkeltmenneske. Få kjenner til kva oldemor lærte på den vesle grendeskulen der ho fekk skulegangen sin. Korleis var skulebygget, og kor langt var skuleåret? Bruk arkiva til å læra meir om fortida. Kjennskap til fortida er viktig for å forstå notida. Kommunane har sytt for skule, helse og omsorg i lokalsamfunnet tilbake til 1800-talet. Dei kommunale arkiva kan som få andre kjelder visa ulike sider av livet, til dømes barndom, arbeid, næring og aldring. Det er svært viktig at dette er forsvarleg bevart og tilgjengeleg, slik at alle kan bruka sin rett til å sjå arkiva.

Aktuelt no er granskinga av oppvekstvilkåra til barn i barneheimar, vedteke i bystyret i Kristiansand. All skriftleg dokumentasjon som måtte finnast i ulike arkiv, både i kommunale, statlege og private arkiv, vil bli viktig for den vidare granskinga. Ein må håpa at tilstrekkelege skriftlege kjelder i arkiva er teke vare på for ettertida. Oppbevaring av arkiva er viktig ikkje berre for å ta vare på kjelder til historia, men også for å sikra rettane til den enkelte innbyggar.

Kommunalt sjølvstyre vart innført i 1837, og kommunale arkiv dokumenterer den kommunale verksemda frå 1800-talet og framover. I dei eldste arkiva finn ein møtebøker og saksdokument frå formannskapet, i tillegg til dokumentasjon av regnskap, fattigkasse, skulestyre og dei ulike skulane i kommunen. Ein finn alt frå politiske vedtak, saksframstilling og tilhøyrande korrespondanse som dokumenterer politiske avgjerder, til dokumentasjon om enkeltinnbyggjarar i skatterekneskap og fattigkasse. Kvar einaste elev sin skulegang er dokumentert i protokollar frå ei mengd skular i bygd og by. Her er til dømes registrert karakterar og frammøte for elevane, i tillegg til kva fag dei har fått undervisning i til ulike tider.

Etter kvart fekk ein kommunale nemnder innanfor næringsverksemd som skog— og jordbruk. Tekniske oppgåver blei løyste av kommune- eller byingeniør, brann- og hamnevesen. Offentleg regulering av knappe gode vart regulert av forsyningsnemnd og provianteringsråd. Viktige sosiale oppgåver vart handterte av kommunale edruskapsnemnder, trygdekasser og arbeidsformidling. Alle desse oppgåvene og fleire til, vart løyste av kommunane. Kommunane gjorde vedtak, dreiv saksbehandling og skreiv og mottok korrespondanse. Dokumentasjon vart nedteikna i protokollar og på dokument. I dag er dette unike historiske kjelder til kunnskap om fortida.

K ommunale arkiv inneheld også dokumentasjon om den enkelte innbyggjar. Dei omhandlar til dømes skulegang og kontakt med sosialkontor og barnevern. Arkiva kan til dømes dokumentera mangelfull omsorg og undervisning. Forvaltningslova gir rett til innsyn i offentlege arkiv som gjeld ein sjølv, til dømes om eigen skulegang og oppvekst. Personsensitive arkiv frå sosial, barnevern og PPT er oppbevart i magasina så langt fram som til midten av 1990-talet.

Inntil no har kommunane mangla godkjente lokale for oppbevaring av eldre arkiv, og heller ikkje hatt plass og ressursar til å ta imot publikum som ynskjer å sjå desse arkiva. Dei eldre kommunale arkiva har i praksis vore utilgjengelege for folk flest. Medan aktuelle saker som til ei kvar tid er til politisk og administrativt handsaming i kommunane, er tilgjengelege, ofte via internett. No er også dei eldre kommunale arkiv tilgjengelege for alle på lesesal.

Kommunale arkiv frå før kommunesamanslåingane rundt 1965 er no oppbevarte i felles lokale i statsarkivbygningen i Kristiansand. Interkommunalt Arkiv i Vest-Agder IKS har fått ansvaret for å drifta arkivdepotet for eigarkommunane. Ikava gir eigarkommunane profesjonell bevaring og formidling av dei kommunale arkiva til låg kostnad. Alle kommunane i fylket og fylkeskommunen er medeigarar, slik at alle dei eldre kommunale og fylkeskommunale arkiva i heile fylket no er samla på ein stad. Det er unikt på landsbasis.

Men ikkje berre alle eldre kommunale og fylkeskommunale arkiv i Vest-Agder er samla i statsarkivbygningen. Her finn du også samla alle eldre statlege og private arkiv, forvalta av Statsarkivet i Kristiansand. Det er ein fordel for publikum at alle typar eldre offentlege arkiv i Vest-Agder no er samla på ein stad. Du treng ikkje lengre kjennskap til kven som behandla kva for saker for å finna fram til det rette arkivet. I statsarkivbygningen på Prestheia kan publikum lesa kommunale, fylkeskommunale, statlege og private arkiv på same lesesal.

I samband med den offisielle opninga av arkivdepottjenesta, vil Ikava og Statsarkivet i Kristiansand visa ei felles utstilling om folketeljingane i Kristiansand kommune, frå folketeljingar i perioden 1916-1942. Det tilsvarande statlege arkivmateriale frå folketeljingane er klausulerte i 100 år etter statistikklova, og er ikkje tilgjengeleg for allment innsyn enno. Dei kommunale folketeljingane derimot, er opne for innsyn alt etter 60 år. Folketeljingane registrerte mellom anna fullt namn på innbyggjarane, det innbyrdes forholdet mellom dei i husstanden, alder, sivilstand og yrke. Her er mykje spennande informasjon om innbyggarane i Kristiansand for 60-100 år sidan. Samlokalisering av arkivinstitusjonar som Statsarkivet i Kristiansand og Ikava gjer det mogeleg å sjå arkivmateriale i samanheng i eit felles arkivfagleg miljø, til glede og nytte for publikum og brukarar av arkiva i Vest-Agder.

Lærarar kan bruka arkiva til å laga historiske undervisningsopplegg frå elevanes nærmiljø. Slik kan elevane læra om bruk og vurdering av historiske kjelder. Undervisninga vil kunne få ei spennande lokalhistorisk vinkling. Dersom det er ynskjeleg, kan arkivfagleg personale frå Ikava hjelpa til med å utarbeida slike opplegg.

Det er samla ei ny verd av kjelder på same stad, tilgjengelege for lokalhistorikarar og slektsforskarar og alle andre interesserte. No kan informasjon frå kyrkjebøker, skifter og folketeljingar frå Statsarkivet supplerast med informasjon frå til dømes kommunale skular og fattigkasse. Vi håpar at mange vil bruka sin rett til å sjå arkiva i tida framover.