Lista over IS-framgang er lang. Etter at IS (ifølgje eigen video) henretta 21 koptiske kristne i Libya, sende dei ei tydeleg melding til Europa: «Vi er sør for Roma.» Libya sin ambassadør i Dei sameinte arabiske emirata sa nyleg at Libya har vorti «ein minibank, ein bensinstasjon og ein flyplass for IS. Det er ein ulykksalig tilstand av fornekting av dette, og det er ekstremt farleg.»

Fleire av leiarane i IS har bakgrunn frå dei mest brutale delane av maktapparatet Saddam Hussein bygde opp. I dag er dei på offensiven — og har ambisjonar langt utafor Syria og Irak.

Det siste året har likevel vist at det er muleg å stoppe IS-framgangen. PKK sine geriljastyrker har, i lag med peshmergas, klart det i Nord-Irak, ved oljebyen Kirkuk, den mindre byen Mahmur og flyplassen ved Hewler, hovudstaden i Den kurdiske regionen. Dei kurdiske sjølvforsvarsstyrkane i Rojava, det sjølvstyrte området i det nordlege Syria, slåst mot IS i samarbeid med syriske arabarar i «Burkan al Firat» som er tilknytta Den frie syriske hæren. Dette politiske og militære kurdisk-arabiske samarbeidet har tvinga IS til retrett. > Det siste året har likevel vist at det er muleg å stoppe IS-framgangen. Samarbeidet omfattar og assyrarar, yesidiar og andre kristne og muslimske grupper. I januar måtte IS trekke seg ut av Kobanê kanton. 15. juni ga dei opp grensebyen Tal Abyad. Dermed mista IS ei viktig forsyningslinje frå Tyrkia til IS-hovudstaden Raqqa i Syria. Ingen fleire framandkrigarar kan reise inn den vegen.

PYD (Partiet for ei demokratisk løysing) er største partiet i Rojava og står for same ideologien som PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet.) Ingen av dei vil ha ein kurdisk stat. Dei arbeider for politiske løysingar der alle etniske, religiøse og kulturelle grupper, store og små, har like rettar innafor demokratiske rammer. Det tyske magasinet Der Spiegel skreiv i ein større reportasje i fjor haust at berre PKK sine geriljastyrkar klarte å stanse IS: «Terrororganisasjonen PKK er Vestens siste håp i kampen mot «Islamsk Stat«». (Der Spiegel nr. 44/2014.)

President Erdogan i Tyrkia mislikar dette. Han fryktar demokratieksperimentet i Rojava, som går på tvers av kulturelle og etniske skiljelinjer. Linja hans er «Ein stat - eit folk.» Sjølv ønskjer han å bli ein allmektig president, ein tyrkisk Putin. Derfor hjelper han IS og andre væpna grupper i Syria. I NATO la Erdogan for lenge sia ned eit uformelt veto mot humanitær hjelp til Rojava. Tyrkia vil sulte ut sivilbefolkninga og dermed svekke forsvarsstyrkane som, med noko amerikansk flystøtte ved frontlinja, har klart å stoppe IS. PST bekymret over IS-sympatisører i Sør-Trøndelag

Utanriksminister Børge Brende kunngjorde for 10 månader sia norske tiltak for å hjelpe dei som slåst mot IS. Hovudsaka var norske soldatar til Irak, der dei no står i fare for å verte deltakarar i ein sekterisk borgarkrig. Men han presiserte og at «for oss er det viktig å være helt i front når det gjelder det humanitære.» Likevel har han og statsminister Erna Solberg lagt seg flate for Tyrkia. Dei 80.000 heimvende flyktningane i det frigjorte, men sundbomba Kobanê har til no ikkje fått ei krone av dei norske millionane til Syria. Regjeringa deltok heller ikkje på gjenoppbyggingskonferansen for Kobanê i EU-hovudkvarteret i Brussel 1. juli.

Vi var sjøl i Kobane tidleg i juni, og trefte stolte, men fortvila menneske, utan dei mest nødvendige hjelpemidla du må ha for å kunne leve. Byen er ein einaste stor ruinhaug og må byggast opp på nytt.

Rojava og Kobanê ber ikkje om norske våpen. Dei ber om humanitær hjelp: Mat, medisinar og helsestell. Reint vatn. Dei treng hjelp til minerydding. IS øydela sjukehusa og skolane, dei må byggast på nytt. Dei treng utstyr til gjenoppbygging.

Den humanitære blokaden av Kobanê er å motarbeide dei som har klart å nedkjempe IS på Bakken. Utanriksminister Brende bør snu — raskt!