Frå mars til juni 1999 var vesteuropeiske statar for første gong på over femti år i krig med eit anna europeisk land. Kveld etter kveld sverma bombeflya innover Serbia og hovudstaden Beograd. I alt blei 38.000 kampoppdrag utførte i løpet av dei 78 døgna «Operasjon edle ambolt» pågjekk. NATO rapporterte om «presisjonsbombing» og «kirurgisk krigføring» — heilt til den kinesiske ambassaden ved eit såkalt mistak blei bomba sønder og saman.

Under første del av krigen var det mest militære mål som blei angripne. Etter kvart overtok i aukande grad ikkjemilitære, strategiske mål; offentlege sivile bygg, telesamband, bruer, kraftforsyning og nøkkelindiustri.

Tiårsdagen for krigsutbrottet 24. mars blei markert med ringing i kyrkjeklokker og eit stille minutt i skolar og regjeringsbygg. Statsminister Mirko Cvetkovics sa i sin appell at krigen krevde 2.500 sivile liv i tillegg til 1.000 militære, at 12.000 menneske blei såra, og at landet fekk eit økonomisk tap på 40 milliardar dollar.

«For framtida til barna våre si skyld - vi må aldri tillate at dette får skje på ny,» erklærte han. Hans appell har brei oppslutning i folket. «Aldri meir 9. april!», var eit hovudslagord i norske etterkrigsår. «Aldri meir 24. mars,» heiter det i Serbia i dag.

I år overvar eg markeringa av frigjøringsdagen etter andre verdenskrig på festninga Kalemegdan i Beograd. Presis klokka tolv - etter ein kort appell om fridommen til republikken Serbia – knalla det laus med seks gonger seks skott frå seks kanonar så kruttrøyken tåkela utsikten mot Sava. Medan kanonskotta drønna, tenkte eg på at det tyske luftforsvaret i 1999 hadde sin første krigerske opptreden sidan andre verdenskrig nettopp her i Serbia. I Beograd vekte det sterke minne om april 1941, da Luftwaffe – også den gong i samarbeid med Italia – gjennomførte «Operasjon avstraffing» mot den gjenstridige byen. Etter åtaket blei 24.000 døde trekte ut frå ruinane, andre blei aldri funne.

Eg mintest også natta til 8. mai for ti år sidan. Da foregjekk den tyngste bombinga av Beograd til da under NATO-krigen. I den kinesiske ambassaden døde fire personar, fem blei alvorleg skadde. Innanriksdepartementet og hovudkvarteret for heren fekk inn fulltreffarar. Eit par veker tidlegare var radio- og fjernsynshuset i sentrum av Beograd blitt rasert; seksten menneske omkom der.

Sidan 1999 har eg vore vore i Beograd minst ein gong i året. Utviklinga er slåande, frå den dystre stemninga rundt årtusenskiftet til eit av dei mest livleg pulserande bybilda på Balkan. På maidagen i år ruslar eg frå Kalemegdan ut i eit yrande laurdagsliv. I butikkane går handelen livleg. Gatemusikantar trakterer fele og balkansk sekkepipe. Gatehandlarar tilbyr alt frå plastduppetittar til tradisjonelt handarbeid og bruktbøker. Fortausrestaurantane er fullsette, og du kan jamvel bestille tyrkisk kaffi utan å få eit surt svar tilbake. Etter konfliktane på 1990-talet var den eit bannlyst symbol på arven frå det ottomanske riket.

Det viser seg at hovudgågata Knez Mihailova denne dagen på ny er utsett for vesteuropeisk okkupasjon, men nå i fredelege former. EU markerer sin europadag med minst femten bodar og diskar med informasjonsmateriell på serbisk. Mange EU-land har eigen stand. Tysklands bod ser ut til å vere særleg populær. Utdeling av tyske miniflagg går raskt unna til oppglødde, issleikande barn.

Eg fortel om opplevinga til mi serbiske venninne under praten ved middagen om kvelden i kunstnarrestauranten nær teatret. «Ja,» seier ho, «både regjeringa og fleirtalet av folket ønskjer tilknytting til EU. Men» – ansiktet får eit strammare drag, og stemma blir enda litt mørkare – «dei driv utpressing av oss! Først var det Karadzic, nå er det Mladic og Kosovo!»

Eg veit godt at Mladic ikkje står høgt i kurs hos henne, og at ho ser realistisk på Kosovo-spørsmålet. Men ho har for mye serbisk stolthet i seg til glatt å svelgje diktat utafrå.

Etter krigen i 1999 har 200.000 serbarar flykta frå Kosovo, 3.000 er drepne eller forsvunne. Det er framleis offisiell serbisk politikk at kravet om å få provinsen tilbake har forkjørsrett framfor tilnærming til EU. Men Serbia har nå valt ein diplomatisk, legal strategi. Spørsmålet om kor vidt den einsidige frigjøringserklæringa til kosovoalbanarane i februar i fjor var folkerettsstridig, er lagt fram for den internasjonale domstolen i Haag. Derved vinn ein tid.

Realistisk sett er det beste serbarane kan oppnå, ei delingsløysing, der dei får tilbake den nordlege parten av Kosovo. Det har nyleg komme fram at tidlegare statsminister Zoran Djinjic hadde hemmelege forhandlingar med kososvoalbananske leiarar om ei slik løysing i desember 2002, tre månader før han blei drepen.

Det tar til å bli seint på laurdagskvelden. Men for utelivet i Beograd er natta ennå ung. I dei talrike barane, diskoteka og klubbane er stemninga stadig stigande og når ikkje klimaks før utpå morgonsida. Eg for min del setter kursen tilbake til ærverdige Hotell Moskva. Litt lengre nedi byen viser silhuetten av radio- og fjernsynshuset seg i fullmåneskinnet. Det er omsider bygd opp att, men slik at spora etter NATOs fulltreffar forblir synlege for framtida.

Framtida, ja. Skal tru korleis bombekrigen i 1999 da blir vurdert av historikarane? Eg las nyleg at Massino D'Alema, som var italiensk statsminister 1998-2000, nå meiner at bombinga av Beograd var unødvendig.