Tidlegare denne ettermiddagen kjørte eg Hunsbedtvegen forbi Tvøråsen, litt ovafor Sarons Dal, og såg ismassane stå fast i juvet ovafor inntaksdammen i Dvergfossen kraftverk og vidare oppover til Buvollan. Aldri før hadde eg sett noko liknande. NB! Dersom du les dette og har sett dette fenomenet i dette området før, så ta kontakt med meg!

Eg parkerte ved nedkjøringa til inntaksdammen og fekk bilete av isproppen. Isen låg fast innover i dette smale juvet, som ein kile mellom bratte fjellsider. Nedafor var det ope vatn ned til sjølve dammen.

Seinare denne ettermiddagen hadde isen bygd seg vidare oppover til litt ovafor Hunsbedtbrua. Isen stod opp under brudekket. Dette var det bilete av bl.a i Dagbladet og Lindesnes Avis.

Eg blei fort overtydd om at dette måtte ha noko med kraftverket å gjera. Dvergfossen kraftverk blei opna for ca. 2 år sidan. Då blei det bygd ein demning ved inntaket som heva vannstanden i åna med fleire meter innover i dette juvet der isproppen stod. Dette førte til stilleståande vatn i juvet og vidare innover mot Buvollan. Stilleståande vatn som lettare frys til. Før gjekk vatnet i eit lett stryk nedover og når det fraus, blei det gjerne ei råk i midten.

Når åna skal gjennom dette juvet, er ho underlagd naturtilhøve som er ganske spesielle. Tukling med desse tilhøva kan få følgjer. Nå skulle ein kanskje tru at det var ein uvanleg stor flaum den 22. januar. Men det var det ikkje. Det var kun ein middels flaum med samstundes isbryting. Større flaumar, med og utan isbryting, har passert gjennom juvet mange gonger før, utan liknande problem.

At det var ein liten flaum denne dagen, kan illustrerast med at vassmengda ved Sarons Dal bru blei målt til 102,2 kubikkmeter pr. sekund. Til samanlikning blei det målt 370,75 kubikkmeter pr. sekund ved Krågehølen under Synneflaumen i 2015. Altså nærare fire gonger meir vatn i åna under Synne! Tenk deg tilhøva i dette juvet i 2015?

Under Synne var vassstanden i åna nærere 2 meter høgare enn nå 22. januar. Med ein større flaum kunne isen bygd seg opp ovafor Hunsbedtbrua. Brua kunne då lett ha blitt ispropp nr 2! Det kunne ført til ein stor katastrofe. Ville brua halda, ville inntaksdammen halda, ville brua i Sarons Dal halda? Og korleis ville sentrumsområdet sjå ut? Ein meter med isflak i Neset og på kyrkjegarden etterpå?

Eg skriv dette for eg trur 22. januar var eit varsel om noko som kan bli mykje verre. Dei rette instansar må nå gå nøye gjennom hendinga og koma fram til løysingar på korleis ein kan hindra isproppen i å oppstå i dette juvet. Og dersom han oppstår, korleis få han vekk før katastrofa inntreff.