Når einskilde av dei trør feil, skrik ein opp om manglande tiltru. Eg har høg tiltru til ordføraren i Kristiansand, Jan Oddvar Skisland. Skisland har vist fram ei svært god evne til å vurdere kva som bør seiast og gjerast. Og her er dei avgjerande poenga, tiltru og vurderingsevne. Me vel det partiet og dei personane som me trur har best vurderings og gjennomføringsevne.

Eg har tillit til at dei personane som vil ha Søgne og Songdalen att som eigne kommunar, vil det beste for folket. Men etter mi meining har dei ei sviktande vurderingsevne.

God vurderingsevne er det viktigaste ein kan ha både i politikken og i livet. Og det er nett denne vurderingsevna som er avgjerande for eit demokrati. Elles ville det vore naturleg at ekspertar styrde alt. I demokratiet skal ein lytte til ekspertane, men det er politisk skjøn og vurderingsevne som skal avgjere sakene. Og ein kan vere ein glitrande politikar, men vere eit rotehovud i privatlivet.

Det er skilnad på privat og politisk vurderingsevne. Eit døme på det er Bjørnar Moxnes. Han er ein uvanleg dyktig politikar, som i privatlivet har synt ei sviktande vurderingsevne. Og me bør seie at for oss er vurderingsevna politikaren Moxnes har, viktigare enn vurderingsevna til privatpersonen Moxnes.

Før, då me trudde på Gud, og kunne Bibelhistoria, lærte alle historia om Jesus og den kvinna som hadde synda. Ho skulle etter lova steinast. Då sa Jesus: «Han som er utan skuld, kan kasta den første steinen». Me har alle våre feil. Og me røystar ved valet i tiltru til at som blir valde, yter sitt beste for by og bygd. Like naudsynt er det at pressa skriv og seier sanninga utan skråblikk på kva parti eller gruppe personen høyrer heime i. Tiltru til styresmaktene, dei folkevalde, domstolane og pressa er grunnmuren i demokratiet vårt.