Utvalet legg opp til å styre arealbruken gjennom dispensasjonar og ikkje gjennom planar basert på lover og retningsliner. Eit knapt fleirtal på seks av dei elleve medlemmane i utvalet praktiserer ei svært så liberal haldning til å gi dispensasjon. Det vil i sin tur føre til at det blir stadig fleire dispensasjonssøknader.

I AMU-møtet 1. februar var om lag halvparten av sakene søknader om dispensasjon. To av dispensasjonssøknadene blei innvilga. Ingen blei avslått, men tre blei utsett for befaring. Eg skal ikkje gå inn på dei konkrete enkeltsakene her. Men generelt er det eit par ting som går igjen i søknadene. Utbyggaren ber ofte om dispensasjon frå kravet om at det skal finnast eller lagast ein plan for området. Mange søkjer også om dispensasjon frå forbodet mot å bygge nærare enn hundre meter frå sjø.

Kristiansand er ein av dei kommunane som har bygd ned størst del av strandsona. Det er derfor all grunn til å vere varsam med vidare nedbygging og privatisering. Strandsona både på land og i sjø er rik på dyre- og planteliv, og den er eit viktig rekreasjonsområde for folk flest som ikkje har eigedomar i strandsona. Kysten og strendene i kommunen er ein uerstatteleg verdi som er til glede både for lokalbefolkninga og tilreisande til lands og til vanns. Diverre ser det ut til at dei som no sit med makta i kommunen, ikkje er opptatt av å ta vare på denne verdien.

Når vi lagar arealplanar og reguleringsplanar, så er det for å vege ulike interesser opp i mot kvarandre og sikre likebehandling. Spesielt skal planane sikre naturverdiar og fellesskapet sine interesser. Når dispensasjonar blir meir regelen enn unntaket, så riv ein ned dette systemet. Resultatet blir ofte forskjellsbehandling, privatisering og tap av natur.

Når AMU gong etter gong gir dispensasjon, så skaper utvalet presedens. Det vil seie at andre kan forvente å få same behandling.

Fagfolka i kommunen er lojale til plankravet og overordna målsettingar om å ta vare på verdifull natur for framtidige generasjonar. Dei avslår dei fleste dispensasjonssøknadene som bryt med plankravet og forbodet mot tiltak i strandsona. Men fleirtalet i AMU vel å sjå bort ifrå dei faglege råda. Dei ser også bort ifrå lova som seier at vilkåret for å gi dispensasjon er at fordelane ved å seie ja, er klart større enn ulempene. I praksis inneber dispensasjonar gjerne at det berre er utbyggar som får fordelar, medan alle andre får ulemper.

Administrasjonen tilrår ofte at det bør utarbeidast ein plan framfor å gi dispensasjon. Då kan ein få ei heilskapleg løysing for eit større område. Naboar og andre får sine interesser vurdert slik at ein unngår forskjellsbehandling. Samtidig kan ulike faginstansar komme inn med sin kompetanse og blant anna kartlegge og vurdere naturverdiane i området. Men fleirtalet i AMU synes ikkje å bry seg om slikt. Dei ser ut til å prioritere utbyggarane sine interesser framfor andre omsyn.

Når AMU gong etter gong gir dispensasjon, så skaper utvalet presedens. Det vil seie at andre kan forvente å få same behandling. Dermed kan vi få fleire dispensasjonssøknader, og vi misser styring med utviklinga. Privatisering og naturinngrep som isolert sett kan verke bagatellmessige, kan samla sett og over tid bli øydeleggande.

Det er underleg at politiske parti som likar å kalle seg styringsparti, vil styre arealpolitikken gjennom dispensasjonar framfor å krevje respekt for lover og planprosessar. Naturen og fellesskapet blir taparane.